Pasientkurs

Kurs ved påvist genfeil BRCA

Kurset fokuserer på kunnskap som skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen. Du får informasjon og støtte til eigne val. Kurset gir deg moglegheit til dialog med representantar frå ulike faggrupper og høve til å møte andre i same situasjon.

Tid og stad

Når

Tid: 09.00 - 15.00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Regionalt kompetansesenter for arvelig kreft RKAK i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret

Påmelding

Du må ha tilvising frå eigen lege. Meld frå om spesielle behov. Ved behov for ledsagar skal dette stå i tilvisinga.

Tilvisingsskjema

Tilvisinga sendast til
Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft
Laboratoriebygget
Haukeland universitetssjukehus
5009 Bergen
Merk konvolutten med namn på kurset.

Tilvising gjeld som påmelding. Du vil få stadfesting på tildelt plass. Det er eit vilkår at det er tilstrekkeleg tal påmeldte for at kurset blir gjennomført.

Gruppebasert opplæringstilbud

Målgruppe

Kurs for kvinner som har påvist genfeil BRCA 1 eller 2. 

Kostnader

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Servering

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding 

Du må ha tilvising frå eigen lege. Hugs å melde frå om spesielle behov. Påmeldingsfrist er 14 dager før kursstart. Du får skriftlie bekrefting om plass. 

Innlegg ved 

Lege, sjukepleiar, brukarmedverkar og gynekolog.

Parkering

Det er parkering mot betaling på bakkeplan i Ulriksdal helsesenter og i parkeringsanlegget på Haraldsplass Diakonale Sykehus 

Kontakt