Regionalt kompetansesenter for arvelig kreft RKAK

Kompetansesenteret for arveleg / arvelig kreft skal bidra til at familiar med arveleg kreft får eit godt og kvalitetssikra helsetilbod i regionen. Regionen omfattar fylka Vestland og Rogaland.

Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft i Helse Vest (RKAK) har som overordna målsetting at pasientar og familiar med arveleg kreft i regionen skal ha eit kunnskapsbasert og kvalitetssikra tilbod om genetisk rettleiing, utgreiing, diagnostikk og nødvendig oppfølging.  

RKAK er det einaste regionale kompetansesenteret innan arveleg kreft i landet og er organisert som ein seksjon ved Avdeling for medisinsk genetikk og molekylærmedisin, Haukeland universitetssjukehus.  

Vårt ansvarsområde er helseregion Vest, som omfattar fylka Vestland og Rogaland. Poliklinisk verksemd skjer i nært samarbeid med Seksjon for klinisk genetikk ved Avdeling for medisinsk genetikk.  

RKAK driv med forsking som er nært knytet til forbetring av helsetilbodet innanfor arveleg kreft, og vi har eit tett samarbeid med andre sentrale fagmiljø både i Noreg og internasjonalt.  

I tillegg driv vi med informasjonsverksemd gjennom kurs og undervisning for både helsepersonell og pasientar.  

Genetiske rettleiarar, legar, molekylærbiologar, sjukepleiar, psykolog og helsesekretærar har sin arbeidsplass på RKAK. 

 

Årsrapport 2023 - Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft

Webinar: PrevenTalk #1

Webinar about understanding and addressing the challenges of Rare Tumour Risk Syndromes in cancer prevention by uniting science, health management and policy.

PrevenTalk #1
Fire hender som holder hverandre med en sol i bakgrunnen

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefaks 55 97 54 79

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Regionalt kompetansesenter for arvelig kreft, Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Laboratorieblokken, 2. etasje

Elektronisk kontakt
Spørsmål som gjeld ein konkret familie eller pasient, for eksempel spørsmål om gentest eller oppfølging må ikkje sendast inn på e-post, slike spørsmål må rettast til fastlege eller andre behandlarar på vanlig måte.

Har du spørsmål om undervisning, forskingsprosjekt eller andre generelle spørsmål om arveleg kreft kan du sende e-post til rkak@helse-bergen.no

Årsrapport 2023 - Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft

Laboratoriebygget

Laboratoriebygget på Haukeland

Kurs og møter

  • Kurs ved påvist genfeil BRCA
    Kurset fokuserer på kunnskap som skal bidra til auka tryggleik og meistring i kvardagen. Du får informasjon og støtte til eigne val. Kurset gir deg moglegheit til dialog med representantar frå ulike faggrupper og høve til å møte andre i same situasjon.
    Kurs ved påvist genfeil BRCA
    20.
    august
    2024
    Fleire datoar
  • Lynch syndrom
    Kurset fokuserer på kunnskap som skal bidra til økt trygghet og mestring i hverdagen. Du får informasjon og støtte til egne valg. Kurset gir deg mulighet til dialog med representanter fra ulike faggrupper og anledning til å møte andre i samme situasjon.
    Lynch syndrom
    Dato kjem