Pasientkurs

Cøliaki-kurs for vaksne

Målsetjing for kurset er å gi informasjon om sjukdommen slik at du kan meistre livet med diagnosen betre. Du vil og få kunnskap om glutenfrie produkt og moglegheit til å møte og utveksle erfaringar med andre i same situasjon.

5.
april
2024
  1. 05. apr. 2024, 09:00 - 15:00

Tid og stad

Når

  1. 05. apr. 2024, 09:00 - 15:00

Type arrangement

Aktiviteter og opplæring for pasienter og pårørende

Arrangør

Kurset er arrangert av Medisinsk klinikk og Norsk Cøliakiforening, Hordaland i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Bergen.

Kvar

Lærings og mestringssenteret
Ulriksdal helsepark 4 etasje
Ulrikdal 2
5009 Bergen

Påmelding

For å delta trenger du tilvising frå lege. Det kan vera din fastlege eller lege på sjukehuset.

Denne kan sendast elektronisk til  Medisinsk klinikk, Gastroentrologsik seksjon. Merk tilvsing med pasientopplæring.

Du får stadfesting om plass på kurset.

Vennlegast meld frå om pårørande også deltar og om spesielle behov. 
Meld frå til fastlegen ved behov for sjukemelding. Pårørande treng ikkje eiga tilvising.


Målgruppe

Kurset er for deg som nyleg har fått diagnosen cøliaki i tillegg til deg som har levd med diagnosen ein stund og treng oppdatering. Pårørande er velkommen til å delta. 

Kostnadar

Eigendel etter gjeldande takstar. Gratis ved frikort, og gratis for pårørande. Avbestilling seinast 24 timar før kurs. Dersom du ikkje møter til avtalt kurs, vil sjukehuset krevje eigendel etter gjeldande takstar. Dette gjeld også om du har frikort. 

Servering 

Kaffi, te og ein enkel lunsj er inkludert.

Påmelding

Sjå under tilvising.

Innlegg ved 

Lege, ernæringsfysiolog, brukarmedverkar og psykiatar.

Parkering

Det er mogleg å parkere mot betaling i Ulriksdal Helsepark og i parkeringsanlegget ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus

For mer informasjon i påvente av kurs

Hjem | Norsk cøliakiforening (ncf.no)

Cøliaki - kostholdsveiledning (youtube.com)

Kontakt

Andre datoar

  1. 26.
    september
    2024
    Cøliaki-kurs for vaksne
  2. 28.
    november
    2024
    Cøliaki-kurs for vaksne