Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientkurs

Eksemkurs for pårørande til barn med eksem

Kurset gir kunnskap og informasjon om sjukdommen for å meistre livet med diagnosen betre. Du får også moglegheit til å utveksle erfaringar med andre i same situasjon.

25.
september
2025
  1. 25. sep. 2025, 08:30 - 15:30

Tid og stad

Når
  1. 25. sep. 2025, 08:30 - 15:30
Arrangør
Kvar
Ulriksdal helsepark
Ulriksdal helsepark 4. etasje, Ulriksdal 2

Påmelding innan 18.september 2025.

Dersom barnet har fått behandlingstilbod ved hudavdelinga, kan de ringja Hud poliklinikk på tlf 55 97 77 28 for å melda dykk på.

Dersom ikkje barnet har vore i kontakt med hudavdelingen tidlegare er det behov for tilvisning frå lege for å delta.Denne kan sendast elektronisk til Hudavdelinga.

Merk tilvisningen med pasientopplæring.

Meld frå om spesielle behov

Du får skriftlig bekreftelse om plass.

 

 

Læringstilbodet er utvikla av Hudavdelinga, Helse-Bergen i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret i Bergen og Psoriasis- og eksemforbundet.

Målgruppe

Fortrinnsvis foreldre og føresette til barn som har fått behandlingstilbod ved Hudavdelinga i Helse Bergen det siste året. Andre kan delta ved tilvisning frå lege (sjå under henvisning). Kurset gjennomførast utan barnet. 

Kostnadar

Gratis for pårørande til barn under 16 år. Over 16 år: eigendel etter gjeldande takstar pr. barn. Gratis ved frikort. 

Servering

Kaffi, te og enkel lunsj inkludert. 

Innlegg ved

Lege, sjukepleiar, psykolog, klinisk ernæringsfysiolog, brukarrepresentant 

Program

Invitasjon 2025.docx

Informasjon til kursdeltakar

Korleis er det å vere kursdeltakar

I påvente av kurs: Hudportalen Psoriasis- og eksemforbundets nettside | PEF Norge

Kontakt