Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kirurgisk klinikk

Informasjon til deg som skal til planlagd operasjon

Vi ønskjer at du skal vere best mogleg orientert om det som skal skje med deg under opphaldet, og håper derfor du tar deg tid til å lese denne informasjonen. 

Sjukepleiar og pasient i korridor
Velkommen til kirurgisk mottak

Innhald

  1. Dagen i mottak
  2. Operasjonsdagen
  3. På sengepost
  4. Pårørande
  5. Kontaktinformasjon

Før du kjem

  1. Pasientar som har diabetes må avtale med legen 
    korleis dei skal regulere blodsukkeret siste døgnet før 
    operasjonen.
  2. Det er fint om du har skrive 
    ei liste over faste medisinar på førehand.


Verdisaker

Som pasient er du sjølv ansvarleg for verdisakene dine, så ta med 
minst mogleg til sjukehuset. La ringar og smykke ligge heime. Ved 
behov kan vi låse vedisakene dine inne. Då får du ei kvittering på 
det vi har tatt vare på.

 

Dagen i mottak

Ein sekretær vil ta imot deg og notere personopplysningane dine. 
Ein sjukepleiar vil ha ansvar for deg og gje informasjon. Kvar enkelt 
vil få nærare beskjed om kva førebuingar som er nødvendige før 
operasjonen. Det er ønskeleg at du er til stades i mottak sjølv om 
det blir ein del venting.

  1. Blodprøver blir tatt om morgonen.
  2. Hjartediagram (EKG) blir tatt på alle over 65 år.
  3. Enkelte må ta røntgenbilde.
  4. Ein lege vil undersøke deg og ta opp journal. Du får 
    spørsmål om noverande og tidlegare sjukdomar, og 
    kva medisinar du bruker. Det er fint om du har skrive 
    ei liste over faste medisinar på førehand.
  5. Kirurgen vil informere deg om den planlagde 
    operasjonen.
  6. Pasientar som har diabetes må avtale med legen 
    korleis dei skal regulere blodsukkeret siste døgnet før 
    operasjonen.
  7. Anestesilegen vil informere deg om kva bedøving du 
    skal få.
  8. Fysioterapeuten kjem til dei som skal ha større 
    operasjonar, og gir informasjon om aktivitet etter 
    operasjonen

    Dersom du må forlate mottak, ber vi deg avtale dette med 
    personalet. 

 

 

Førebuing til operasjonen


Mage og tarm

Nokre operasjonar krev at tarmen er tømt. Då må ein ta avføringsmiddel dagen før operasjonen, eventuelt eit klyster sjølve operasjonsdagen. Sjukepleiar avtaler dette med deg dersom det er aktuelt for deg.


Faste

Du må faste frå midnatt før operasjonen (kl. 24.00). Det betyr at du 
ikkje skal ete, røyke, bruke snus, pastillar eller tyggegummi. 
Etter kl. 24 kan du drikke klare væsker som vatn, te, kaffi og tynn 
saft (ikkje mjølk). Du kan drikke klare væsker fram til kl. 06.00 på sjølve
operasjonsdagen.



Operasjonsdagen

  • Du møter på angitt sengepost til avtalt tid.
  • Du skal vere fastande
  • Du skal vere nydusja og ha vaska håret, og du skal vere utan 
    smykker, ringar, øyredobbar, neglelakk, sminke og hudkrem.


Rett før du skal til operasjonen

  • Det viktig at du tissar, slik at urinblæra er tom.
  • Ein sjukepleiar vil følgje deg ned til operasjonsavdelinga, der ein 
    anestesisjukepleiar tar imot deg.
  • Dersom du har tannprotese eller høyreapparat blir det tatt av 
    like før du får bedøving. Dette får du tilbake så snart du er vaken 
    etter operasjonen.
  • Du vil få ei perifer venekanyle (eit tynt plastrøyr) i ei blodåre på 
    handa. Denne blir brukt til å gi deg medisinar og væske etter 
    behov.
  • I forbindelse med operasjonen får mange ei sprøyte med 
    blodfortynnande medisin for å motverke blodpropp. Denne 
    sprøyta vil du få dagleg etter operasjonen den tida du er på 
    sjukehuset.

 

Etter operasjon

Har du fått narkose, epidural- eller spinalbedøving, blir du verande til observasjon på oppvakingsavdelinga nokre timar.

Har du vore til ein større operasjon er det vanleg at du blir verande på oppvakingsavdelinga til dagen etter.

Du kan rekne med å få litt mat og drikke, og vere litt oppe samme kveld.

Pårørande

På operasjonsdagen kan pårørande ta kontakt med aktuell sengepost, som kan sette deg i kontakt med pasienten etter operasjonen.

 

På sengepost

Når du er i form til å gå ut av sengeposten, må du gi beskjed til 
personalet før du går. 


Smertelindring

Det er naturleg å ha ein del smerter etter ein operasjon. Det blir lagt 
vekt på at du skal få smertestillande både for å kunne trene og kvile.
Etter operasjon i mage og tarm


Mat og drikke

Etter ein operasjon er fordøyelsen noko redusert. Dette betrar seg 
gradvis i løpet av dei første 2-5 dagane. Du kan oppleve kvalme og 
ein del luftknip. Når tarmen begynner å fungere betre vil det komme 
ut flatus (luft) gjennom endetarm (eller gjennom stomi). Etter kvart 
kan du ete suppe, og deretter vanleg mat. Nokon opplever endring 
av fordøyelsen i form av diaré eller forstopping etter operasjonen. 
Personalet på sengeposten kan gi råd. 


Opptrening 

Aktivitet etter ein operasjon er gunstig for helsa. Du får hjelp til å 
komme ut av senga så snart som mogleg etter operasjonen. Treninga 
vil bli tilpassa den generelle helsetilstanden din. Helsepersonell vil 
sjå til at du får tilstrekkeleg smertelindring og legge forholda til rette 
for at du skal komme i form. 


Hygiene 


Når du er kirurgisk pasient anbefaler vi at du følger desse råda for å 
beskytte deg mot infeksjonar:

  • Vask eller sprit hendene før måltid, og etter toalettbesøk.
  • Bruk innesko eller tøflar kvar gong du er oppe og står eller går.
  • Sei i frå til personalet dersom bandasjen din blir våt eller har 
    blodspor.
  • Spør personalet om når du kan dusje, og om du har bandasje 
    som skal dekkast til før dusjing.

 

Legevisitt

Det er legevisitt alle kvardagar. I helga har vi previsitt men det er 
ikkje rutine med legevisitt til alle pasientane. Har du spørsmål til 
vakthavande lege, kan du ta kontakt med sjukepleiar. Dersom du 
ønskjer at pårørande skal vere med på legevisitten, må det avtalast 
dagen før. Ta kontakt med sjukepleiar dersom dette er aktuelt.


Prøver og undersøkingar

Blodprøver blir vanlegvis tatt klokka: 08.00 + 12.00 + 15.30 + 19.30
Om du veit det er bestilt blodprøver på deg, er det ein fordel om du 
oppheld deg på rommet på desse tidspunkta. Er du i tvil om du skal 
ta blodprøve kan du spørje sjukepleiar. Du må rekne med å vente litt 
på blodprøvetaking og bestilte undersøkingar.


Permisjon

Ønske om permisjon må avtalast med lege. Vi gjer merksam på at 
reiseutgifter i samband med permisjon ikkje blir dekka av NAV eller  sjukehuset.


Utreise

Den dagen du skal skrivast ut vil det vanlegvis skje mellom kl. 13.00 
og 16.00. Før du blir skriven ut vil det vere ein samtale med lege 
eller sjukepleiar, som vil gi deg aktuell informasjon før du reiser. 

Dersom du har starta med nye medikament vil du få elektronisk 
resept. Andre medikament må du få elektronisk resept på hos 
fastlegen din. Du kan bestille klargjering av medisinane dine på 
apoteket. Då er det mindre ventetid på apoteket. Gå inn på www.sav.no

Hovudregelen er at du får dekka den billigaste reisemåten med rutegåande transport til og frå behandlingsstad. Ved alle pasientreiser må du betale eigendel. Meir informasjon om kva som skal til for å få dekka utgiftene, får du hos Pasientreiser på telefon 05515 og på www.helsenorge.no/rettigheter/pasientreiser.


Sjukemelding

Er du i arbeid vil du bli sjukemeldt avhengig av type operasjon og 
arbeid. Snakk med legen på visitten om dette. Går du på skule eller 
av anna grunn må ha dokumentasjon på at du har vore innlagd, gi 
beskjed om dette i god tid før utreise.

 

Lurar du på om dette gjeld deg?

Det står i innkallingsbrevet kva avdeling i Kirurgisk klinikk og kva operasjon som er planlagd for deg. Brevet finn du ved å logge deg inn på helsenorge.no

Sist oppdatert 08.12.2025