Gastrokirurgisk avdeling

På Gastrokirurgisk avdeling kjem pasientar til undersøking og behandling av sjukdom og skader i fordøyelsessystemet. Det omfattar både fordøyelsesorgan (matrøyr, magesekk, tarm og endetarm) og tilhøyrande indre organ (lever, galle og bukspyttkjertel).

Gastrokirurgisk avdeling er ein av fem fagavdelingar i Kirurgisk klinikk,  avdelinga er leia av avdelingssjef Bjørn Nedrebø

På avdelinga har vi to forløps-/kreftkoordinatorer som du kan ta kontakt med dersom du er tilvist eller er under utgreiing for kreft eller har fått påvist kreft.

Forløpskoordinatoren vil veilede deg gjennom utgreiinga og vere kontaktpersonen din på Haukeland universitetssjukehus. Ved spørsmål om utgreiinga di er du velkommen til å ta kontakt med disse. De skal ta hverandres telefon ved fravær.

Kristine Skulstad  er forløpskoordinator for pasientar med kreft i:

  • Tynntarm
  • Tjukktarm
  • Endetarm

Ho treff du måndag til fredag, mellom klokka 08.30 og 14.30 på telefon 55 97 28 14

Kjersti Frotveit er forløpskoordinator for pasientar med kreft i:

  • Bukspyttkjertelkreft
  • Galleveiskreft
  • Leverkreft
  • Spiserøyrs- og magesekkreft

Ho treff du måndag til torsdag, mellom klokka 08.30 og 14.30 på telefon 55 97 06 99

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon

55 97 28 42
  • Måndag 08:30 - 15:00
  • Tysdag 08:30 - 15:00
  • Onsdag 08:30 - 15:00
  • Torsdag 08:30 - 15:00
  • Fredag 08:30 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Du kan også kontakte oss via de påloggbare tjenestene på Helsenorge.

Kirurgen 1

55 97 34 00
Du kan også kontakte oss via de påloggbare tjenestene på Helsenorge.

Kirurgen 3

55 97 35 03
Du kan også kontakte oss via de påloggbare tjenestene på Helsenorge.

Poliklinikk

55 97 27 98
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Du kan også kontakte oss via de påloggbare tjenestene på Helsenorge.

Innleggingstelefon

55 97 39 30
  • Måndag 09:00 - 11:00
  • Tysdag 09:00 - 11:00
  • Onsdag 09:00 - 11:00
  • Torsdag 09:00 - 11:00
  • Fredag 09:00 - 11:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Du kan også kontakte oss via de påloggbare tjenestene på Helsenorge.

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kirurgisk ekspedisjon  i 5. etasje i Sentralblokka.

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • Stomi - Å leve med stomi
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Stomi - Å leve med stomi
    Dato kjem

Til deg som skal til planlagt operasjon

Vi ønskjer at du skal vere best mogleg orientert om det som skal skje med deg under opphaldet. Vi har derfor samla ein del informasjon til deg som skal til planlagt operasjon hos oss.
Meir informasjon om planlagt operasjon (pdf)
Gastro_og_akuttkirurgi_operasjon4.jpg

Korleis kome seg opp av senga?

Når du er nyoperert kan det vere vanskeleg å kome seg ut av senga utan å bruke magemusklane. Sjå video for gode teknikkar.
Sjå video
En person og en jente på et sykehusrom

Kostråd før og etter operasjon

Vi får ofte spørsmål om kosthald frå pasientar som skal eller har gjennomgått ein tarmoperasjon. Her får du noken gode råd.
Sjå kostråda
En tallerken med mat

Til deg som har dren

Slik skyljer du drenet og passar på at det fungerer fint

Informasjon om stell av dren
UTSNITT AV DREN OG SLANGE