Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ortopedisk seksjon KSK

Seksjonen vår er sett i hop av fleire ulike yrkesgrupper. Team med operasjonssjukepleiarar, anestesilegar, anestesisjukepleiarar, assistentar og portørar gjør sitt beste for at kvar enkelt operasjon skal gå føre seg så sikkert og trygt som råd er. Dette omfattar både planlagt kirurgi og akutt hjelp. Vi var blant dei første avdelingar med trygg kirurgi konsept, der aktiviteten kvalitetssikrast med sjekklister både før og etter kirurgi.

Seksjonen er også med på ein studie ”Sikker arbeidspraksis i tverrfagleg team”. Forskarar observerer i denne studien korleis omsynet til sikkerheit kommer til uttrykk gjennom teamarbeid. Studien skal kartlegge kva rolle kunnskapsfaktorar og systemfaktorar har i ein sikker arbeidsplass.

Som serviceklinikk er vi ein sjølvstendig seksjon som server dei opererande avdelingane. Ortopedane som gjennomfører den faktiske operasjonen er organisert i Ortopedisk klinikk.

Direkte knytt til vår avdeling har vi følgjande fagsamansetting:

Operasjonssjukepleiarar: 22
Anestesisjukepleiarar: 15
Anestesilegar: 6
Sekretær: ½ 

Planlagde inngrep gjennomførast stort sett i tidsrommet 08.00 – 15.30. Akutte operasjonar gjennomførast i utgangspunktet heile døgnet, men vi ser helst at disse operasjonane vert gjennomført i tidsrommet 08.00 – 22.30, med personell i beredskap om natta.

Fagmiljø

Vi gjer alt for å oppretthalde eit høgt fagleg nivå i arbeidet vårt. Opplæring og vedlikehald av kunnskapar er ein prosess som går kontinuerleg, og personalet vårt skal til ei kvar tid vere i stand til å yte hjelp på høgt fagleg nivå til pasientane våre. Utstyret som vert nytta under kirurgi er i stadig utvikling og operasjonssjukepleiarane våre handterer store mengder av dette utstyret.

Anestesiavdelinga er og godt rusta med høgteknologi som saman med anestesipersonalet sin erfaring og kunnskap gir trygge formar for bedøving. Seksjonen er og med i rettleiing og opplæring sjukepleiarar i spesialisering, samt hospitering av offshore spesialsjukepleiarar og vidareutdanning av faglært ambulansepersonell (paramedic –studentar).

Pasientgrupper ved Ortopedisk seksjon

  • Brotkirurgi
  • Korrigerande kirurgi
  • Traumekirurgi
  • Kreftkirurgi
  • Ryggkirurgi
  • Protesekirurgi
  • Kirurgi ved infeksjonar i ”ortopedisk område”

Spesielt for seksjonen er at vi i stor grad nyttar oss av såkalla regionale blokkader, som gir god smertelindring for kirurgi i bein. Ofte kombinerast disse blokkadane med ein eller annan form for narkose. 
Vi tvinger sjølvsagt ingen til å godta ei form for bedøving dei ikkje vil ha, men saman med pasienten blir vi samde om den mest hensiktsmessige forma for bedøving for det aktuelle inngrepet. Vi er og opptekne av at pasientar skal ha ei så effektiv smertelindring som råd er også etter at inngrepet er gjennomført. 

Kontakt

Telefon

Telefaks: 55 97 49 71

Slik finn du fram

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Telefon resepsjon: 55 97 50 00

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta

Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

      Trygg kirurgi

      Verdas helseorganisasjon (WHO) har utvikla Safe Surgery Saves Lives​. Det er ei sjekkliste personalet går gjennom før kirurgiske inngrep. Lista blir no tilpassa og innført i Helse Vest.
      Les meir om Trygg kirurgi