En bygning med et tre foran

Poliklinikk for langvarige smerter

Ved poliklinikk for pasientar med langvarige smerte arbeider legar, fysioterapeutar og psykologar tett saman i tverrfaglege team. Fokuset vårt er på evidensbasert utgreiing og behandling. Det vil sei at ein baserer seg på det som har vore god behandling gjennom fleire år og på resultat av forsking. 

Vi er opptatt av at tilbodet ved vår poliklinikk skal vera så godt som mogleg. Derfor registrerer vi aktiviteten vår i eit kvalitetsregister. Som eit ledd i dette vil pasientar som kjem til poliklinikken bli bedne om å registrera relevante opplysningar i eit spørjeskjema som ein gjev elektronisk tilgang til i forkant av timen. 

Fastlegar kan sende tilvising til Helse Bergen: Anestesiologi/smertebehandling-Tjeneste-adresseregisteret (nhn.no)

Det er vår erfaring at pasientar med langvarige smerter treng ein fastlege som koordinerer behandlinga, både når det gjeld smerter og dei psykiske og sosiale konsekvensane som plagene har. 

  • Henviser og pasientens forventninger til utredning/behandling
  • Beskrivelse av smertetilstand 
    • Karakter, lokalisasjon, varighet av smertetilstanden
    • Fysisk funksjon/daglig fungering
  • Ko-morbiditet
    • Andre sykdomstilstander 
    • Søvnforstyrrelser
    • Psykisk helse
  • Psykososial situasjon
    • Familie
    • Arbeid, trygd
  • Medikamentelle forhold
    • Medikamentoversikt og tidligere medikamentell behandling
    • Eventuelt problematisk rus- eller medikamentforbruk
  • Annen tidligere relevant behandling og effekt av denne
  • Relevante utredninger/epikriser

Journaltilgang

Journaltilgang for pasientar ved Seksjon for smertebehandling 

Alle pasientar i Helse Bergen som er over 16 år har tilgang til sjukehusjournalen sin på nett via helsenorge.no. Som hovudregel blir det ikkje sendt ut skriftleg kopi av rapportar til deg som pasient etter konsultasjonar ved Seksjon for smertebehandling.

  • Vurdere noverande medikamentell behandling 
  • Gi råd vedrørande medikamentelle tiltak og eventuelt utprøving av spesielle medikament 
  • Vurdere behov for fysioterapeutiske tiltak inkludert trening og gi råd vedrørande dette 
  • Vurdere og påpeke betydninga av psykososiale faktorars innverknad på smerteoppleving og smerte åtferd 
  • Deltaking i  ulike gruppe tilbod 
  • Jobbspesialist frå NAV 

Tilbodet blir tilpassa individuelt til de ulike pasientane og kan omfatte 

  • enkelt konsultasjonar hos de ulike faggruppene 
  • tverrfagleg utredning med to eller tre faggrupper med eller utan oppsummerande tilbakemeldingssamtale 
  • råd til behandlande lege  
  • tverrfaglege smertegruppemøter der pasientens behandlande lege og et tilpassa tverrfagleg team drøfter aktuell behandling 

Poliklinikkens funksjon er hovudsakeleg rådgivande, og ein er derfor avhengig av eit nært samarbeid med pasienten sin behandlande lege for å få gjennomført aktuelle tiltak. For å kunne dra nytte av poliklinikkens tilbod er det ein føresetnad at pasienten er motivert for eigen innsats og er open for andre tilnærmingar til smerte enn reine medisinske tiltak. 

Vi har ikkje tilbod om medikamentavvenning eller skriving av spesialisterklæringar.

Haukeland er eit universitetssjukehus. Det betyr at det kan vere at du blir spurt om anna helsepersonell kan vere til stades under konsultasjonen saman med behandlar. 

NB! Viktig om frammøte til timen. Om du ber om at / ein (eller fleire) timer flyttast, må du vere førebudd på at konsultasjonen/ vurderingsløpet kan bli utsett opptil 6 månadar. 

Les meir:

Førespurnad om deltaking i Norsk register for pasientar med langvarig smerte (PDF)

Internettbasert spørreskjema - Norsk register for pasientar med langvarig smerten (PDF)

Sist oppdatert 25.03.2024