Kommunikasjons­avdelinga

Kommunikasjonsavdelinga i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ansvaret for både intern og ekstern kommunikasjon. Det inneber god kommunikasjon både internt på sjukehuset og mellom sjukehuset og pasientar, pårørande, media og befolkninga generelt. Vi bruker ulike kanalar, som for eksempel eigne nettsider, sosiale media og brosjyrar. Vi har også ansvar for ei rekke kulturaktivitetar retta mot pasientar, pårørande og tilsette.

Eit møte med sjukehuset kan vere eit av dei viktigaste møta i eit menneskes liv. Ved hjelp av eit nytt korps av frivillige medarbeidarar ønskjer vi å gjere pasientar og pårørande sine møte med sjukehuset endå betre.

Intranettet til Haukeland heiter «Innsiden» og er den primære kommunikasjonskanalen i sjukehuset.
Intranettet er viktig for å halde dei tilsette oppdaterte på viktige hendingar i sjukehuset. Men intranettet er like viktig som ei felles arbeidsflate. Alle avdelingane på Haukeland bruker «Innsiden» som eit arbeidsverktøy og intern kommunikasjonskanal i si avdeling. 

Vi bruker SharePoint som publiseringsløysing og er derfor fleksibel med tanke på tilgangsstyring og tilrettelegging for kvar einskild funksjon og avdeling.

Kommunikasjonsavdelinga har ansvar for mange av kulturaktivitetane og trivselstiltaka på sjukehuset. Ein av våre tilsette er ein "kulturbryggar", og har som arbeidsoppgåve å legge til rette for små og store trivselstiltak for pasientar, tilsette og pårørande. Kulturbryggaren er også bindeleddet mellom sjukehuset og dei som ønskjer å gi eit bidrag. Mange vil gi pengar, andre vil bidra med tenester som kan gjere kvardagen for pasientane på sjukehuset litt betre, til dømes gjennom konsertar. 

Ønskjer du kontakt med kulturbryggaren vår, kan du sende mail til atle.halvorsen@helse-bergen.no eller ringe  95 89 04 09.

Kunst og utsmykking av sjukehuslokala er også ein del av ansvaret til Kommunikasjonsavdelinga. Det er nedsett eit kunstutval som skal ha eit blikk for korleis sjukehuslokala er utsmykka.

Vi ønskar å gi god informasjon om sjukehuset og våre tilbod til befolkninga generelt, og pasientar og pårørande spesielt. Alle avdelingane har eigne webkontaktar og er ansvarlege for at innhaldet på dei einskilde avdelingane sine nettsider er oppdatert og fagleg rett. 

Pasientbiblioteket på Haukeland tilbyr utlån av bøker, filmar, musikk, aviser og tidsskrift til pasientar og pårørande. Boktraller med eit utval frå biblioteket blir òg trilla rundt til avdelingane.  Pasientbiblioteket finn du i tredje etasje i Sentralblokka på Haukeland. Her kan pasientar og pårørande komme innom for ein prat, låne ei bok eller slå seg ned med ei avis. 

Opningstider: Måndag, onsdag og fredag Kl. 10.30-15.30. Tysdag og torsdag Kl. 10.30-17.30.
Telefon: 55 97 33 10
E-post: pasientbiblioteket@helse-bergen.no 

Les meir om Pasientbibloioteket på sjukehuset

Kommunikasjonsavdelinga bidrar med rådgiving i ulike prosjekt i sjukehuset og til klinikkar og avdelingar i ulike saker som treng satsing på kommunikasjon. Rådgivarane bistår i prosessen frå utarbeiding av kommunikasjonsplanar til operativt arbeid for å sette planane ut i livet.

Vi har journalistar og fotograf/videofotograf som bistår med å lag saker og produksjonar til intra- og internett. Ein stor del av arbeidet gjeld produksjon av pasientinformasjon. Vi har også medarbeidarar med grafisk kompetanse som bistår i utforming av ulike typer pasientinformasjon.

Leiar: Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander,  90 13 37 71

Nestleiar: Spesialrådgjevar Ragnhild Dårflot Olsen, 99 22 45 76  


Mediekontakt

Vi i Kommunikasjonsavdelinga set deg gjerne i kontakt med fagfolka våre eller med leiinga ved sjukehuset. Du kan og be oss om hjelp til å finne informasjon som er naudsynt for å opplyse ein sak, medan formelle innsynsbegjæringar må sendast til post@helse-bergen.no

Mediekontakt
Flyfoto av sykehusområdet med Glasblokkene, Sentralblokka, bybanestopp.

Kontakt

Telefon

Kommunikasjonsavdelinga

55 97 60 00
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Vakttelefon

95 89 04 45
Vakttelefon 95890445 skal kun nyttast ved akutte hendingar utanom kontortid. Vi har heimevakt og er ikkje på sjukehuset. Førespurnadar som ikkje er akutte bør skje på kvardagar i kontortida.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

2. etasje

Jørgen Sandbergs hus

Jonas Lies vei 73 (Raudt hus i sykehusparken)

5021 Bergen

Frivillig på Haukeland

Vi vil møte våre pasientar og pårørande på best mogeleg måte. Våre frivillige er eit supplement til det profesjonelle arbeidet ved sjukehuset. Vi treng alltid flere med på laget. No søkjer vi deg som vil bruke tida di til å hjelpe andre.
Les meir om det å være frivillig hos oss
Frivillig i samtale med besøkende på sykehuset. Foto

Sommarlektyre 2024

Sommar er badetid, ferietid, istid og for mange – podkasttid, men det er sjølvsagt også lesetid! Som vanleg slår vi her i Pasientbiblioteket eit slag for trilogiane – det er no du har tid!
Tips til sommarlektyre
En kvinne som ser på bøker på en hylle

Hete på kroppen, helse i øyra

Det fine med podkast er at enten du skal køyre snøfresen i jula, sommarkroppen i juli eller bubil til Jylland, så krevst berre mobilen som du allereie har i lomma og kanskje 10g plast i øyra.

Les meir om podkastane
Podcast