• Utviding av Kreft poliklinikk, 1. et. i Parkbygget
    Kreft poliklinikk utvidar og får mellom anna fleire pasientplassar. Byggearbeida tek til 19. feb. 2024. Inngangsdør blir same plass. Vi beklagar støy og evt andre ulemper i byggeperioden. Meir informasjon kjem etterkvart.

Kreft poliklinikk

Vi utgreiar, behandlar og har etterkontroll av pasientar frå Helseregion Vest. På poliklinikken blir det gjort vurdering, behandling, oppfølging og kontroller av kreftpasientar. Det er mange ulike diagnosegrupper. Vi har samla ulike diagnosegrupper i 6 diagnoseteam. Personalet, både leger og sjukepleiarar er knytta til faste team. Vi formidlar kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar. Personalet deltar også i undervisning og rådgiving til pasientar, pårørande og andre helsearbeidarar.

Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallelsesbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.

 
Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om: 
  • Dag og tid for oppmøte.
  • Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.
  • Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.
  • Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.
  • Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.
  • Veikart til Haukeland universitetssykehus og kart over området  
  • Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.

Personalet omfattar spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, legar og sekretærar. Det er eit nært samarbeid med fysioterapeutar, sosionomar, klinisk ernæringsfysiolog, tannpleiar og sjukehusprest. 

 

Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.

Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. 

 

Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling første gong. Ved seinare opphald etter avtale.

 

Ved inngongen til Parkbygget finn du Atriet som er open for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -17.30.
Her finnast avisar, bladar, tv og bevertning.
Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, å nytte desse arealane. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, og vi henstiller pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet. I Atriet er det og ein lekekrok for dei minste.

 

For pasientar som ventar på legetime eller blodprøvesvar, kan du på automat i Atriet finne vatn, te og kaffi.
I behandlingseinheiten på poliklinikken serverast kaffe, te, saft og ulike typar innpakket mat.

Det er tillatt å bruke mobiltelefon i avdelinga. Sjukehuset har skilta områder kor mobilbruk ikkje er lov. Vi ber om at ringjelyden settast så lavt som mogleg. Vi ber om at det ikkje blir tatt bilde som kan vise andre pasientar.

 

Det er lagt opp til trådløst nettverk i byggjet.

 

Vi kan formidle kontakt med Kreftforeninga, heimesjukepleie, Bergen Røde Kors sjukeheim og andre. Du vil finne diverse informasjonsbrosjyrar og oppslag i avdelinga.

Vi arbeider tett med palliativt team og andre spesialeiningar på sjukehuset. På same måte prøver vi å få til eit godt samarbeid med lokalsjukehus og pleie- og omsorgstenesta. 

Kontakt

Telefon

Telefoner etter kl. 15.30 blir automatisk besvart av Kreft post 1/ post 2. Når du ringer til oss, vil du få fleire val for å kome til riktig person som kan svare på dine spørsmål.

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
Kreft poliklinikk
Postboks 1400
5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken ligg i 1.etasje i Parkbygget med inngang frå sjukehusparken i underetasjen.

Ver vennleg å bruke automat for innsjekk og registrering for blodprøvetaking når du kjem inn i Parkbygget/Atriet U.etasje. Du kan også henvende deg ved skranken i Atriet. 

Parkbygget

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

​​Vardesenteret er ein fristad for deg som er kreftramma og dine pårørande. Her kan du ta ein pause, utveksle erfaringar med andre, og få råd og hjelp. 

Senteret er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og Kreftforeningen, og du finn senteret i Ibsens gate 118, i ein gamal trevilla like nedanfor Pasienthotellet på Haukeland.

Les meir om Vardesenteret