Adaptiv protonterapi for lungekreft

I dette prosjektet skal vi utvikle og evaluere adaptiv protonterapi for lungekreft med mål om å bruke protonterapi til å kurere fleire pasientar med lungekreft.

Grafisk illustrasjon av lunger i en menneskekropp

Om prosjektet

Lungekreft er kreftforma som tar flest liv på verdsbasis. Betre strålebehandling er ein nøkkel for å kurere pasientar der operasjon ikkje er mogleg. Protonterapi har potensiale til å kunne gje ein høgare svulstdose og samstundes spare nærliggande friskt vev og slik kurere fleire . Vi planlegg ein nasjonal studie som skal undersøke dette, og i samband med denne studien skal vi forske på treffsikkerhet med protonterapi. Protonterpi for lungekreft er teknisk krevande fordi vi skal treffe presist med behandlinga mot ein svulst som beveger seg med pusten og skrumper inn som følge av behandlinga. Kvar av dei over 30 behandlingsfraksjonane må difor overvåkast nøye med ein metode som vi kallar adaptiv protonterapi.

Prosjektleiar: Liv Bolstad Hysing, liv.bolstad.hysing@helse-bergen.no

 

Sist oppdatert 11.06.2025