Korleis tilpassa strålebehandling kan påverka kliniske studiar
Prosjektet har som mål at undersøke korleis adaptiv strålebehandling kan bli tatt i bruk på ein effektiv måte i klinisk praksis, og korleis adaptive metodar best kan inkluderes i framtidige kliniske studiar.

Ny teknologi gjer det mogleg å tilpasse strålebehandlinga medan du ligg på behandlingsbordet kvar gong du får behandling. Dette kallast adaptiv strålebehandling, og kan brukast både med foton- og protonstråling. Målet er å gi meir presis dose til kreftsvulsten og samtidig skåne friskt vev.
Sjølv om mange studiar viser lovande resultat, er det framleis lite dokumentasjon frå vanleg klinisk bruk. I dette delprosjektet er målet vårt å undersøke korleis slik behandling kan takast i bruk på ein trygg og effektiv måte, og korleis vi best kan samanlikne ulike behandlingsmetodar i framtidige kliniske studiar.