Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilpassing av stråledose og effekt medan behandlinga skjer

Prosjektet utforskar korleis ein kan gjere behandlinga meir presis og trygg ved å forstå og tilpasse seg naturlege variasjonar i kor strålen verkar – både kor langt han går, og kor kraftig han verkar i ulike delar av kroppen.

Røntgenbilde av en hjerne

Prosjektleiar: Camilla Hanquist Stokkevåg (camilla.hanquist.stokkevag@helse-bergen.no)

Om prosjektet

Når ein behandlar med proton, har ein som mål å treffe svulsten presist og skåne friskt vev. Men i praksis kan det oppstå små forskjellar frå plan til verkelegheit – både i kor langt strålen går, og i kor sterk påverknad den har på vevet. Dette kan føre til at delar av svulsten får for låg dose, eller at friskt vev blir skadd meir enn planlagt.

I dette prosjektet undersøker vi korleis slike variasjonar oppstår gjennom behandlinga, og korleis vi kan overvake og justere for dei. Vi bruker pasientdata og avanserte modellar til å følgje med på dose og effekt gjennom heile behandlingsforløpet. Det blir prøvd ulike arbeidsmetodar, som til dømes oppdaterte bilete kvar veke eller kvar dag for å justere planane undervegs.

Vi utviklar òg system for å overvake behandlinga i sanntid – slik at ein kan oppdage avvik raskt, og justere før det får konsekvensar. På sikt er målet å kunne tilpasse behandlinga automatisk og kontinuerleg, mens ho går.

Sist oppdatert 09.06.2025