Amming og barnets sugeteknikk

La barnets ansikt vere vendt mot deg. Barnet skal liggje med kroppen sin mot brystet ditt, slik at det slepp å vri hovudet for å nå fram. Nasen skal vere i høgde med brystknoppen.

Barnet får då riktig sugetak når det strekkjer seg mot brystet ditt. Når barnet bøyer hovudet lett bakover for å ta brystknoppen, blir haka pressa mot brystet og nasen blir frigjort slik at barnet kan puste medan det diar.

Suge- og gaperefleksen blir stimulert ved å forsiktig stryke brystknoppen mot leppene til barnet. Når barnet gaper blir det ført til brystet. Du bør ikkje dytte brystknoppen mot barnet.

  • Få mest mogleg av brystet inn i munnen til barnet. Prøv å sikte mot ganen med brystknoppen. Det er der refleksen for å suge blir utløyst.
  • Om nasen blir klemt saman mot brystet ligg barnet kanskje for høgt på brystet, og med bøygd nakke. Trekk barnet litt ned, med hovudet lett strekt bakover. Hald barnet sin kropp tett inntil deg. Trykk helst ikkje på brystet med fingrane for å halde nasen til barnet fri. Dette kan stengje mjølkegangane dine.
  • Normalt bør barnet suge til det slepp brystet sjølv. Viss du tar barnet frå brystet, må du hugse å oppheve undertrykket ved å putte veslefingeren din i munnen på barnet, og så fjerne brystet frå munnen. Dette er for å unngå såre brystknoppar hos deg.  

Teikn på rett sugetak

Barn med riktig sugeteknikk. Foto
 

  • Barnet gaper høgt, ingen trutmunn
  • Underleppa er krølla litt utover
  • Munnen er full av bryst
  • Kjevemusklane jobbar rytmisk, heilt bak til øyra
  • Etter å ha amma vil forma på brystknoppen vere rund

Teikn på feil sugetak

Barn med feil sugeteknikk ved brystet. Foto
 

  • Barnet har smilehol i kinna medan det sug
  • Barnet suttar på brystknoppen / lagar trutmunn
  • Svært lang sugetid, over 30 minutt på eit bryst
  • Barnet drar i brystet eller må sjølv vri på hovudet for å suge
  • Brystknoppen er skeiv etter amming
  • Det er smertefullt for deg å amme

Sugetid

Det er viktig at barnet tømmer brystet ditt heilt før du tilbyr det andre brystet. Dette er for å stimulere mjølkeproduksjonen, og fordi den feitaste mjølka kjem til slutt. Barnet syg først for å sløkkje tørsta, deretter for å bli mett. Det er den siste mjølka som er mest næringsrik og det er derfor viktig at barnet får i seg denne.

Dersom barnet syg på begge bryst under eitt måltid, er det viktig at du først tilbyr det brystet som ikkje blei heilt tømt under førre måltid. Barnet bør bli lagt til brystet når det viser teikn til svolt. Enkelte barn vil die ti til tolv gonger per døgn, andre er nøgde med mindre.

Om barnet ditt søv mykje dei første dagane, bør du vekkje det for å amme om lag kvar tredje til fjerde time.

Sist oppdatert 18.09.2023