Anafylaksiregisteret
Anafylaksiregisteret er eit kvalitetsregister tilhøyrande Haukeland universitetssjukehus. Registeret har som mål å auke kunnskapen om anafylaksi og betre helsetenesta for dei som blir ramma. Alle anafylaktiske reaksjonar kan meldast til registret - som reaksjonar mot anestesi og andre legemiddel, mat, insektsstikk eller andre allergen.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Anafylaksiregisteret er organisert under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
Laboratoriebygget
Laboratoriebygget på Haukeland

- Allergisk transfusjonsreaksjon
Transfusjon med blodprodukt skal normalt gå utan nemneverdige komplikasjonar. Biverknadar kan likevel oppstå både under og i etterkant av gjennomført transfusjon. Ein sjeldan, men potensielt alvorleg årsak til transfusjonsreaksjonar er anafylaksi.
- Anafylaktiske reaksjonar under anestesi
Kirurgiske inngrep kan innebere eksponering for fleire moglege allergen, som anestesimiddel, blodprodukt, antibiotika, desinfektiva og andre legemiddel, lateks og fargestoff. Anafylaksi er en sjeldan, men potensielt alvorleg, komplikasjon ved kirurgi.
- Akutt laboratorieutreiing
Anafylaksi er ein klinisk diagnose, og blodprøvetaking må ikkje forhindre eller forsinke akutt behandling. Blodprøvar kan likevel gje viktig informasjon, sjølv om dei ikkje blir analysert før i ettertid.
- Kva er anafylaksi?
Anafylaksi blir definert som ein alvorlig, livstrugande generalisert eller systemisk overfølsemdsreaksjon.
- Behandling
Behandlinga bør starte umiddelbart om ein mistenker ein anafylaktisk reaksjon. Tilkall hjelp om nødvendig. Fjern om mulig utløysande årsak.
- Lenker
Me har samla nokre lenker til andre nettstadar som kan være interessante for helsepersonell og/eller pasientar.
Forsking
