Registerdagen 2019
SOReg-dagen har blitt ein tradisjon og ein god anledning til å treffe kollegaer med interesse for det same fagfeltet frå heile landet. Årets dag vart avvikla 4. april på Flesland.
Den første delen av dagen var sett av til registerspesifikt program, og starta med ein presentasjon av årsrapporten for 2017, følgt av utdeling av SOReg-prisen. Prisen er meint som ei påskjønning til sjukehus som gjer ein god jobb med registreringane, og kriteria for tildelinga vil endre seg litt frå år til år. I 2019 gjekk SOReg-prisen til det sjukehuset som hadde høgast del kontrollerte pasientar innan normtid eit år postoperativt. Her var det skarp konkurranse i toppsjiktet! Nordlandssjukehuset vant med 92,9% kontrollerte og ferdigstilte skjema innan normtid. Vi gratulerer!
Den registerspesifikke delen av programmet fortsette med gjennomgang av vanlege spørsmål ved registreringane, deretter litt om kvalitetsforbetringsprosjektet for å auke tal pasientar som får kontroll innan normtid etter 1 og 2 år.
Etter lunsj var det tid for fagleg program, med litt endringar i siste liten. Dr. Manisha Sharma vart forhindra frå å kome og vi fekk difor foredraget hennar om vitamin- og mineral ved hjelp av powerpoint med lydopptak. Dessverre var dette tidvis vanskeleg å høyre, og der var også utfordringar med å forstå hennar indiske aksent. Ein del spørsmål vart oppklart etter føredraget.
Her er foredragene:
Villy Våge heldt så eit lite innlegg om nye spørsmål som kjem i SOReg. Mellom anna vil det bli lagt inn eit avsnitt om gastroskopi-funn. Dette vil bli lagt på operasjonsskjemaet og på årskontrollane.
Til slutt heldt overlege Sindre Grindheim frå Kvinneklinikken i Bergen eit innlegg om svangerskap etter fedmekirurgi.