Om Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF)

MBF har rundt 350 tilsette. Det er for det meste bioingeniørar som er tilsett på laboratoriet, men også andre yrkesgrupper som legar, helsesekretærar, kjemikarar og molekylærbiologar. 
MBF utfører årleg over 10 millionar analysar for spesialist- og primærhelsetenesta. Hovudtyngda av analysane er elektronisk rekvirert. Det finnast og rekvisisjonsskjema i papir for dei som ikkje har moglegheit for elektronisk rekvirering.
 
Vi har sterkt fokus på riktig bruk av laboratorieanalysar og kva klinisk betyding eit analysesvar har for sjukdom og behandling. MBF styrkar kunnskapen gjennom forsking og undervising på høgt internasjonalt nivå. I legegruppa er det spesialistar i medisinsk biokjemi og i klinisk farmakologi som yter rådgiving til helsepersonell i diagnostikk og behandling av sjukdom.
 
Laboratoriet er delt inn i ulike driftsseksjonar avhengig av fagområde og/eller lokalisasjon. Store delar av laboratoriet har døgndrift. 

Sist oppdatert 30.05.2024