Regionalt kompetansesenter for arvelig kreft RKAK

Kompetansesenteret for arveleg / arvelig kreft skal bidra til at familiar med arveleg kreft får eit godt og kvalitetssikra helsetilbod i regionen. Regionen omfattar fylka Vestland og Rogaland.

Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft i Helse Vest (RKAK) har som overordna målsetting at pasientar og familiar med arveleg kreft i regionen skal ha eit kunnskapsbasert og kvalitetssikra tilbod om genetisk rettleiing, utgreiing, diagnostikk og nødvendig oppfølging.  

RKAK er det einaste regionale kompetansesenteret innan arveleg kreft i landet og er organisert som ein seksjon ved Avdeling for medisinsk genetikk og molekylærmedisin, Haukeland universitetssjukehus.  

Vårt ansvarsområde er helseregion Vest, som omfattar fylka Vestland og Rogaland. Poliklinisk verksemd skjer i nært samarbeid med Seksjon for klinisk genetikk ved Avdeling for medisinsk genetikk.  

RKAK driv med forsking som er nært knytet til forbetring av helsetilbodet innanfor arveleg kreft, og vi har eit tett samarbeid med andre sentrale fagmiljø både i Noreg og internasjonalt.  

I tillegg driv vi med informasjonsverksemd gjennom kurs og undervisning for både helsepersonell og pasientar.  

Genetiske rettleiarar, legar, molekylærbiologar, sjukepleiar, psykolog og helsesekretærar har sin arbeidsplass på RKAK. 

Årsrapport 2020 - Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Telefaks 55 97 54 79

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Regionalt kompetansesenter for arvelig kreft, Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Laboratorieblokken, 2. etasje

Elektronisk kontakt
Spørsmål som gjeld ein konkret familie eller pasient, for eksempel spørsmål om gentest eller oppfølging må ikkje sendast inn på e-post, slike spørsmål må rettast til fastlege eller andre behandlarar på vanlig måte.

Har du spørsmål om undervisning, forskingsprosjekt eller andre generelle spørsmål om arveleg kreft kan du sende e-post til rkak@helse-bergen.no

Årsrapport 2020 - Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft

Laboratoriebygget

Laboratoriebygget på Haukeland

Kurs og møter

  • Lynch syndrom
    Kurset fokuserer på kunnskap som skal bidra til økt trygghet og mestring i hverdagen. Du får informasjon og støtte til egne valg. Kurset gir deg mulighet til dialog med representanter fra ulike faggrupper og anledning til å møte andre i samme situasjon.
    Lynch syndrom
    Dato kjem
  • Kvinne og modeller av celle, kromosom, gen og DNA. Illustrasjon
    Arveleg kreft

    I dei aller fleste tilfelle rammar kreftsjukdom tilfeldig, kun i sjeldne tilfelle er kreft arveleg. Ved arveleg kreft har ein ein medfødd genfeil som gir auka risiko for nokre typar kreftsjukdom.

  • Tre generasjoner menn på tur i skog.Foto
    Arveleg prostatakreft

    De aller fleste tilfeller av prostatakreft er ikke arvelige, men oppstår sporadisk. I noen familier kan det likevel være flere menn som får prostatakreft, og om lag 5 prosent av tilfellene kan være relatert til en nedarvet genfeil. Det er m...

  • Kvinne i hvit frakk ser i mikroskop på laboratorium. Foto
    Diagnosar

    Ved å undersøke gena i ein blodprøve kan ein påvise om pasienten har ein arveleg genfeil eller ikkje.

  • Blodprøveglass. Foto
    Genpanel

    Her kan du lese utfyllende informasjon om hvilke genpanel som tilbys ved Avdeling for medisinsk genetikk. Vennligst legg merke til at informasjonen om genpanelene er tilpasset rekvirerende leger. 

  • Interiør laboratorium for tester og diagnostikk. Foto
    Gentesting

    Her finn du informasjon om genstesting ved bryst- og eggstokkreft, bukspyttkjertelkreft og prostatakreft.

  • Familie plassert i familietre. Illustrasjon
    Kurs og undervisning

    Vi tilbyr kurs og undervisning for både pasientar og helsepersonell.

Kva er arveleg kreft?

Er bryst- og eggstokkreft arveleg? I denne videoen forklarer våre genetiske rettleiarar kva arveleg bryst- og eggstokkreft betyr.
Sjå video med genetisk rettleiar
Skjermbilde fra video - kvinne i hvitt frakk snakker.

Arveleg bryst- og eggstokkreft

Informasjonsfilm om arveleg bryst- og eggstokkreft forårsaka av ein genfeil.
Sjå video
Skjermbilde fra video - familien Hansen. Grafikk/animasjon