Norsk koordineringssenter for blodberedskap sentral i etableringa av vandrande blodbank lengst nord i verda
Helseministeren var med da det vart gjennomført sertifiseringsøvelse av vandrande blodbank ved Longyearbyen Sjukehus på Svalbard.
Publisert 15.05.2023
Sist oppdatert 13.06.2023
Norsk koordineringssenter for blodberedskap (Nokblod) er eit nasjonalt senter som arbeidar for å betre blodberedskapen i Noreg. Senteret er lagt til Helse Bergen, men har ansatte frå alle helseregionar og frå Forsvaret. Nokblod driv med rådgiving, kurs og opplæring, og ulike forskings- og innovasjonsprosjekt knytt til beredskap og bruk av blod til behandling av pasientar med livstruande blødningar.
Nokblod er fagleg prosjektansvarleg for Prosjekt Blodberedskap, pilot Finnmark. Prosjektet er eid og blir drifta av Helse Nord RHF etter oppdrag frå Helse- og Omsorgsdepartementet. Målet med Prosjektet Blodberedskap er å sikre lokal blodberedskap for befolkninga i heile landet, også på Svalbard, og i kommunar langt frå næraste sjukehus.
Helseminister med på øvelse ved Longyearbyen sjukehus
Tirsdag 25 april var Helseminister Ingvild Kjerkol og Departementsråd i Helse- og Omsorgsdepartementet, Catrine M Lofthus, til stades ved gjennomføringa av sertifiseringsøvelse ved Longyearbyen Sjukehus. Etter gjennomført kurs og øvingar er den vandrande blodbanken etablert på Svalbard, som den einaste i verda så langt nord. Dette er også den tredje vandrande blodbanken etablert i landet. Tidligare har Berlevåg kommune og Alta kommune etablert sine vandrande blodbankar knytta til kommunehelsetenesta. Ytterlegare to kommuner i Finnmark skal bli sertifisert innan hausten 2023.
Blodbank der pasientane er
Tidleg blodtransfusjon er livreddande for pasientar med alvorlege blødningar. Men på Svalbard og i fleire av våre kommunar kan transport av pasientar til sjukehus ta lang tid eller bli forseinka av dårleg ver. Difor er det eit ynskje å etablera systemer som gjør at ein kan starte blodtransfusjon der pasientane er. Dette kan ein gjere ved å etablera ein vandrande blodbank.
I en vandrande blodbank blir fullblod tappa frå forhåndsgodkjende nødblodgivare som ein gir direkte til pasienten for å redda liv. Nokblod gir opplæring til personell som skal tappa og transfundera blod, og bistår med etableringa av nødblodgivarkorps.