Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Helsepersonell i hvitt på vaktrom diskuterer foran en skjerm

Seksjon for blodsjukdommar.

Ved seksjonen behandlar vi pasientar med mistanke om eller påviste blodsjukdommar frå heile Helse Bergen sitt opptaksområde. Vi har også regional funksjon for handtering av ei rekke blodsjukdommar og fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon (beinmargstransplantasjon).

Inneliggande pasientar ligg i hovudsak på Medisinsk post 5 nord i 7. etasje i Sentralblokka.

Seksjonen har også regional funksjon for handtering av ei rekke blodsjukdommar og fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon (beinmargstransplantasjon). Seksjonen følger opp pasientar med etablerte blodsjukdommar ved poliklinikken. Seksjonen har stort fokus på informasjon om sjukdommar til pasientar og pårørande. 

Seksjonen har eitt av dei mest aktive forskingsmiljøa i helseregionen. Vi driv både med grunnforsking og klinisk forsking.

Organisering
Seksjonen har ein sengepost (Medisin 5 Nord) for utgreiing og behandling av inneliggande pasientar og til dagbehandling. Seksjonen deler ein stor poliklinisk aktivitet med dei andre seksjonane ved Medisinsk klinikk.

Legar ved seksjonen:
Per i dag har seksjonen åtte overlegar, to av desse er professorar. Seksjonen har fire legar i spesialisering og éin turnuslege.

Pasientar kan delta i ei rekke kliniske studier ved seksjonen. 

Sjå oversikten over kliniske studer  

Laboratorieprøver. Foto
 

Sjukdomar som blir behandla og forska på ved Haukeland universitetssjukehus.

Forskingsbiobank for blodsjukdommar

Kontakt

Telefon

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk Ekspedisjon ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Følg skilta frå heis eller rulletrapp til Medisinsk poliklinikk og dageining. Kjem du opp rulletrappa i 2. etasje ligg ekspedisjonen til høgre og igjennom døra.

Logg inn for å endre time

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

      Gi blod

      Det finst inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale, og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig. Kvar dråpe tel.
      Blodbanken
      En person som holder en flaske