Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Språkforstyrring

Afasi kan definerast som språkforstyrring etter hjerneskade. Hjerneslag og andre sjukdomar og skader som rammar venstre hjernehalvdel fører ofte til afasi. Afasi inneber vanskar med både å bruka og å oppfatta språk, og vanskar med å lesa og skriva.

En mann og en kvinne som sitter ved et bord

Det finst mange grader av afasi, frå ganske lette vanskar som kjem seg raskt til sterkt nedsett språkfunksjon som inneber store vanskar med å forstå tale, med å få fram ord, lesa og skriva. 

 

​Kva er dei vanlegaste symptoma?

Afasisymptoma varierer, avhengig av lokalisering og omfang av skaden.  Nokon strevar med å få orda fram og snakkar gjerne i telegramstil.  Andre snakkar lett og uanstrengt, men med få innhaldsord og gjerne feil eller for vanskelege ord.  Desse pasientane har vanskar med å forstå det andre seier, og merkar ofte ikkje sjølv at dei snakkar feil.
 
Mange som får afasi forvekslar ja og nei, spesielt den første tida. Også andre ordforvekslingar er eit vanleg afasisymptom.  Nokre gonger er ordforvekslingane  nærliggjande, for eksempel kniv og gaffel. Men det førekjem også forvekslingar som ikkje har ein så klar samanheng. Dei fleste får problem med oppramsingar og lengre setningar. 
 
Nokre får berre fram ein lyd, eit ord eller ein frase som blir teken oppatt kvar gong han prøver å seia noko.  Dette vert kalla stereotypiar.  Det er viktig at slike stereotypiar vert hindra ved at ein hjelper pasienten til å seia noko anna eller laga ein annan lyd. Mange kan klara dette ved å sjå på munnbeveginga samtidig som dei får høyra ein lyd eller eit ord.
 
Mange har vanskar med ordforståing. Dei som har store forståingssvanskar kan lett oppfattast som forvirra eller mentalt redusert. Det er viktig å være klar over at vanskane berre er ein tolkningssvikt.
Vanskar med ordmobilisering, eller det å finna det rette ordet, er eit gjennomgåande afasisymptom.
 
 

Kan den afasiramma hugsa og tenkja?

Afasi er ein skade på evna til å kommunisera ved hjelp av ord.  Kunnskap, erfaringar og omgrep er bevart; det er vegane inn og ut som er meir eller mindre blokkerte.  Det er viktig å behandle den afasiramma som den vaksne, tenkjande personen han er.
 

Brosjyrer

 

    Sist oppdatert 27.12.2023