Språkforstyrring: Kan afasi behandlast?
Alle som får språk- og talevanskar bør tilvisast logoped, som kan undersøkja kva slags språkskade det dreier seg om og kva det er å byggja på i behandlinga. Logopeden informerer den afasiramma, pårørande og andre i miljøet rundt, og prøver å gje råd og hjelp for å letta kommunikasjonen.
Behandlinga bør koma i gang så fort som mogleg. Behandlingsprinsippet er å henta inn att blokkerte ferdigheiter, og ikkje nyinnlæring. Logopeden brukar varierte teknikkar for å få fram blokkerte språkferdigheiter. Den fyrste tida er det vanskeleg å seia noko om kor bra den afasiramma vil bli og kor raskt det vil gå framover. Nokon kjem seg raskt, men nokon må læra seg å leva med større eller mindre språkvanskar resten av livet. Dei fleste opplever framgang i lang tid etter skaden.
Betring av kommunikasjonsferdigheiter er det overordna mål for logopedbehandlinga. Det er difor ikkje berre dei reint verbale ferdigheitene ein konsentrerer seg om. Afasiramma treng å ta i bruk alle kommunikasjonskanalar, i tillegg til dei verbale: gester, teikn, mimikk, peiking, teikningar osv. Dette vert kalla totalkommunikasjon.
Afasiramma har rett til opplæring iflg. Opplæringslova. Heimekommunen har ansvar for opplæringa etter at pasienten er utskriven frå sjukehuset.
Sist oppdatert 12.09.2016