Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevrologisk dagpost

På dagposten diagnostiserer og behandlar vi pasientar med nevrologiske sjukdomar som Multippel sklerose (MS), Amyotrofisk lateralsklerose (ALS), muskelsjukdommar, polynevropati og søvnproblem. Pasientar som er innlagt hos oss bur enten heime eller på Haukeland Hotell.

 
Hos oss er du enten inneliggande pasient eller poliklinisk pasient, det får du informasjon om i innkallingsbrevet frå oss.
 
Vi tilbyr vurdering, intravenøs behandling og utfører undersøkingar som spinalpunksjon og muskelbiosiar. Har du urinvegsproblem har vi eigen uroterapeut som hjelper til med utgreiing og behandling.
 
Både leger og sjukepleiarar har spesialkompetanse innan nevrologi, og for å gi eit best mogleg behandlingstilbod samarbeider vi tett med fysioterapeut, sosionom, ergoterapeut, nevropsykolog, logoped, seksjon for klinisk nevrofysiologi, urologisk avdeling og nasjonalt kompetansesenter for MS.

Kontakt

Telefon

Mandag-fredag 07:30-1200 og 13:00-1500.

Telefaks

55 97 51 64

Endre eller avbestille time

Endre eller avbestille time
Dersom du ikkje kan nytte timen du har blitt tildelt må du gi beskjed om dette snarleg slik at vi unngår unødig ventetid for andre pasientar.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 1.etasje i Gamle Hovudbygg med inngang frå sjukehusparken.

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen