Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Praktisk informasjon - Post 1

Vi ønskar at du som pasient, pårørande eller besøkande skal kjenna dykk trygge og få god informasjon hjå oss. Her finn du praktisk informasjon om korleis du skal koma deg til dagposten, kart, daglege rutinar, mattilbod, parkering og besøkstider.

Om du ikkje finn svar på det du lurer på, oppmodar vi deg til å ta kontakt med personalet.

Skulle du bli dårlegare mens du ventar på å få koma inn til vurdering, utgreiing eller behandling hjå oss ved dagposten, er det viktig at du gir beskjed om dette på førehand slik at vi kan leggja til rette med eventuell overnatting før du kjem.

Har du bruk for overnatting og samtidig treng fylgje av pårørande eller anna personale, som assistent, pleiar eller liknande, ber vi deg også ta kontakt med posten på førehand.

Oppmøtetidspunkt

Dersom det er vanskeleg for deg å møta opp på det oppgitte tidsrom, ver venleg å ta kontakt med oss. 

Vi vil gjera merksam på at dei pasientane som er registret innlagt, må rekne ein del venting i forbindelse med dei ulike undersøkingane.

  • Oppd​atert medisinliste
  • Namnet på fastlegen
  • Frikort, dersom du har det
  • Faste medisinar og medisinar du kan trenge ved behov. Om du byrjar med nye medisiner under opphaldet får du dei på posten.
  • Dei hjelpemiddel du bruker til vanleg. Dersom du skal bu på hotellet under opphaldet, er dette spesielt viktig. Det kan være for eksempel rullestol eller rullator. Det er lang avstand mellom posten og Haukeland hotell. Dersom du har behov for transport kan du benytte taxitruck eller portør.
  • Matpakke om du er poliklinisk pasient (sjå innkallingsbrevet).

Dagposten har eige spisestove. Det er alltid tilgang til drikke som kaffi, te, vatn med meir for alle pasientane. Er du usikker på om du skal leggjast inn eller koma som poliklinisk pasient, vil du finna meir informasjon om dette i innkallinga du har fått i posten.

​Står det «innkalling til poliklinisk tverrfagleg vurdering og trening ved nevrologisk dagpost» eller "poliklinisk time" i brevet, da er det lurt å ta med matpakke.

I tillegg kan du kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset i Sentralblokka. I nærområda finst også fleire daglegvarebutikkar samt Haukeland hotell.

Inneliggjande pasientar ved dagposten

Dersom du er innlagt ved posten kan du eta lunsj i spisestova. Her blir det servert lunsj frå kl. 12.00-13.00. Menyen varierer frå veke til veke.

Spesielle matbehov

Treng du spesialkost kan vi tilby menyar til alle typar diettar og spesialkost. Gi beskjed om dette til personalet ved posten minst ei veke før innlegging.

Mattilbod på Haukeland hotell

Skal du bu på Haukeland hotell har dei eige kjøkken og matsal, kafé og døgnopen kiosk for pasientar og besøkande.

Les meir om mattilbod og servicetilbod ved Haukeland

Posten er ein dagpost som er open mellom kl. 07-15 på alle kvardagar. Det er vanleg at pasientane har behandlingsprogram som går over fleire dagar. Mange pasienter kjem også frå andre deler av landet.

Polikliniske pasienter

Det er eigne vedtak for betaling ved poliklinisk innleggelse, sjå informasjon i innkallingsbrevet du får i posten. 

Innlagte pasienter

Utanbys
Dei pasientane som ikkje har adresse i Bergen og de nærliggande kommune, får som regel opphald på Haukeland hotell. Dei pasientane som ikkje klarar å bu åleine på hotellet, får tilbod om å overnatte på Nevrologisk avdeling post 3.

Pasientar med fylgje
Har du bruk for overnatting og samtidig treng fylgje av pårørande eller anna personale, som assistent, pleiar eller liknande, ber vi deg ta kontakt med dagposten på førehand.

Skulle du bli dårlegare mens du venter på å få komme inn til vurdering, utgreiing eller behandling hjå oss, er det viktig at du gir beskjed om dette på førehand.

Bergen og distrikta rundt
Bur pasientane i Bergen og distrikta rundt, søv dei heima og kjem inn til posten dei dagane utgreiinga eller behandlinga går føre seg.

Haukeland hotell (pasienthotellet)

Sjukehuset har ikkje forsikringsordningar som dekkjer tap av pasientane sine eigendelar. Vi rår deg difor til å la verdisakene ligge att heime.

Personalet på Nevrologisk avdeling post 1 har ikkje høve til å oppbevare verdisakene dine.

Sist oppdatert 12.12.2016