Fagsenter administrative system

Me har ein sentralisert Brukerstøtte som leiarar og tilsatte i Helse Bergen kan kontakte for spørsmål og hjelp med systema innanfor HR-området. I tillegg har me eit fagmiljø som har kompetanse på systemansvar, testing, prosjektleiing og brukaropplæring. Fagsenter administrative system arbeidar med løysingar og prosjekt knytta til HR-området. Me legg stor vekt på utvikling og samarbeid, og har som mål å bidra til effektive prosessar og IKT-løysingar innanfor vårt ansvarsområde i Helse Bergen.

Våre hovudoppgåver:

  • støtte og oppfylging til leiarar og tilsette
  • rådgjeving og opplæring i bruk av system
  • utarbeiding av informasjon til intranett
  • testing ved innføring av nye løysingar og ved oppgraderingar av eksisterande system
  • forvalting av organisasjon- og fullmaktsstruktur i føretaket
  • prosjektdeltaking i lokale og regionale prosjekt
  • Systemansvar for fylgjande system:
    • UBW lønn- og personalsystem
    • Unit4 - Personalportalen, Reiseweb, Heiltidsmodul og Bierverv
    • Webcruiter rekrutteringsverktøy
    • GAT arbeidsplanlegging og ressursstyring
    • MinGat, ein sjølbetjenigsportal for ansatte  gir tilsette oversikt over arbeidstid, fråvær og lønn)
    • Orfu - organisasjon- og fullmaktstruktur
    • RESH - Nasjonalt Register over Einingar i Spesialisthelsetenesta
    • Altinn - Forvaltning av  tilgangsstyring på vegne av føretaket 

Kontakt

Telefon

Seksjonsleder Bente Kulild

959 96 347

Slik finn du fram

Oppmøtestad

1. og 2. etasje i Møllendalsbakken 9.

Møllendalsbakken 9

Møllendalsbakken 9

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.