Ergoterapi ved avdelingar på sjukehuset

Ergoterapiavdelinga er organisert i Ortopedisk klinikk. Vi har 19 stillingar og yter tenester til seks somatiske avdelingar:

  • Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
  • Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
  • Mottaksklinikken (Utgreiingsmottak)
  • Nevroklinikken 
  • Palliativt senter (sengepost)
  • Revmatologisk avdeling

Ergoterapi ved Kreftavdelinga

Mange kreftpasientar opplever utfordringar med å utføra aktivitetar, noko som kan medføra redusert livskvalitet. Med kunnskap om aktivitet og ei brei aktivitetsforståing kan ergoterapeutar bidra med å finna løysingar når det er eit gap mellom helse og krav i kvardagen.

Ergoterapeutar er assosierte med hjelpemiddel, men har ei breiare rolle for kreftpasientar i spesialisthelsetenesta. Viktige arbeidsoppgåver for ergoterapeutar i oppfølginga av pasientgruppa er å kartleggja funksjonsnivå knytt til kvardagsaktivitetar. Me tenkjer på kartlegging av kognitive vanskar, redusert funksjon i arm og hand, fatigue, vurdering av hjelpebehov og behov for tilrettelegging av bustad.

Les meir
ergoterapeut hjelper sittende kvinne med trening

Ergoterapi ved Nevroklinikken

Ein nevrologisk sjukdom eller skade får ofte konsekvensar for utføringa av daglege aktivitetar. Ergoterapeutar behandlar primært innlagte pasientar, men har òg poliklinisk verksemd. Ergoterapeuten kartlegg pasienten si evne til å utføra aktivitetar som personleg stell, påkleding, tilbereiing av måltid mm. For å betre funksjonsnivået medverkar ergoterapeuten med trening i daglege aktivitetar, samt trening av fysiske og kognitive funksjonar. Ved ulike sengepostar jobbar ein tett saman med andre yrkesgrupper for å gi eit best mogleg pasientilbud.

 
Ergoterapeutane inngår i tverrfagleg ALS-, MS-, muskel-, spastisitets- og ​hjernetumorpoliklinikk.​
Les meir
tre damer i hvite sykehusklær hjelper sittende pasient med å drikke

Ergoterapi ved avdeling for plastikkirurgi (handskade)

Ergoterapi etter handskade

Pasientar ved Plastikkirurgisk avdeling får hjelp av ergoterapeut til rehabilitering etter traume, sjukdom, medfødde tilstandar og erverva deformitetar i handa. Målet med behandlinga er å oppnå best mogleg handfunksjon for at pasienten kan fungera tilfredsstillande i kvardagen. 

Les meir
En lege som undersøker en pasient

Ergoterapi ved revmatisk sjukdom

Ergoterapeutane ved Revmatologisk avdeling har fokus på at pasientar skal kunne vera aktive og oppleve meistring i daglege aktivitetar i heim, på arbeid/skule og på fritida. Gjennom samtale, undersøkingar og observasjon kartlegg ergoterapeuten korleis pasientar fungerer i daglege aktivitetar, og kva faktorar som fremmer og hemmar aktivitet og deltaking.

Les meir
dame står foran en presentasjon og peker på presentasjonen
Sist oppdatert 04.03.2024