Ergonomi for hender
Kartlegging og behandling av handfunksjon
God handfunksjon er viktig for å kunne utføre daglege aktivitetar. Stivhet, smerter, nedsett kraft og betennelse i hender kan gi nedsett handfunksjon og vanskar med aktivitetar. Ergoterapeuten vurderer korleis handfunksjon påverkar utføring av daglege aktivitetar i kvardagen og gir råd og rettleiing om aktuelle tiltak. Dette kan vere handtrening, ortoser, ergonomiske arbeidsteknikkar og bruk av småhjelpemiddel. Forsking viser at jamleg handtrening kan ha effekt på stivhet, smerter og handkraft, i tillegg til utføring og meistring av daglege aktivitetar.
Erfaring og studiar visar at ergonomi/det å bruke hendene på ein hensiktsmessig måte kan gje ei bedre aktivitetsutføring.
Leddsmerter kan påverke utføring av daglege aktivitetar. Når ergoterapeuten formidlar ergonomi for hender er hovudfokuset på korleis ein bruker hendene i utføring av daglege aktivitetar. Målet er at ein skal kunne gjera aktivitetar med minst mogleg smerter, og at ein kan utføre aktivitetar på ein ergonomisk måte.
Rettleiing i ergonomi forhender er eit tilbod til personar som er innlagt Revmatologisk avdeling og som har utfordringar med handrelaterte aktivitetar.
Sist oppdatert 26.01.2024