Ergoterapi­avdelinga

Ergoterapiavdelinga yter tenester til ulike somatiske avdelingar i sjukehuset. Arbeidsoppgåvene til ergoterapeutar er å vurdere og behandle pasientar som har utfordringar knytta til aktivitetar i kvardagen. Fagutvikling, undervisning og rettleiing av studentar inngår òg i våre oppgåver. Vi arbeider i tverrfaglege team ved sengepostar og poliklinikkar.

Ergoterapiavdelinga er organisert i Ortopedisk klinikk. Vi har 19 stillingar og yter tenester til seks somatiske avdelingar:  

  • Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk
  • Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
  • Mottaksklinikken (Utgreiingsmottak)
  • Nevroklinikken 
  • Palliativt senter (sengepost)
  • Revmatologisk avdeling

 

Har du spørsmål til Ergoterapiavdelinga er du
velkommen til å kontakte oss på følgjande 
e-postadresse eller telefonnummer:

Avdelingssjef
Bodil Helene Stokke
55 97 50 08

Nevroklinikken

Seksjonsleiar
Silje Nødtvedt 
55 97 62 79

Revmatologisk avdeling/Plastikkirurgisk avdeling 

Seksjonsleiar
Jorunn Ellingsen
55 97 50 09  

Fagleg kontaktperson ved Plastikkirurgisk avdeling
Terese Aglen
55 97 54 60  

Kompetansestrategi for Ergoterapiavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus 2022 - 2026.

Kompetansestrategi for Ergoterapiavdeling

Dersom du ønskjer å hospitere ved Ergoterapiavdelinga, ber vi deg ta kontakt via e-post, med avdelingssjef Bodil Stokke

Kvart år tek Ergoterapiavdelinga i mot ergoterapistudentar fordelt over tre ulike praksisperiodar. Studentpraksis er regulert i avtale mellom Helse Bergen og Høgskulen på Vestlandet.
 
Praksis varer frå 7-11 veker. Før praksisperioden tek til skal studentane ha bestått e-læringskurs i informasjonssikkerheit, brannvern og DIPS-grunnleggjande journalprogram. Studentane får eigen praksisrettleiar.
 
I tillegg tek Ergoterapiavdelinga kvar haust imot studentar frå første årskull i introduksjonspraksis over 3 dagar.
 
 

Kontakt

Hovudnummer

Avdelingssjef Bodil Stokke 55 97 50 08

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi oppmodar pasientar å sjekke innkallingsbrev for oppmøte til poliklinikk. Vi gjer merksam på at pasientar som skal til ergoterapeut ved Skadepoliklinikken skal møte ved Bergen helsehus i Solheimsgaten 9. 

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Som inneliggande pasient vil du få matservering på avdelinga du ligg på. I tillegg kan du og besøkande kjøpe alt frå dagens middag til smårettar, bakevarer og kioskvarer på sjukehuset. I nærmiljøet finst også fleire daglegvarebutikkar.

Les meir om mattilbodet ved sjukehuset

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.