Ortopedisk avdeling, Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi, og Nasjonalt brannskadesenter

Seksjonsleiar: 

Carina Muri Slettestøl 

Tlf: 55 97 04 46 / 55 97 29 09 

Epost: carina.muri.slettestol@helse-bergen.no 

 

Bemanning: 

Ortopedisk avdeling:  

11 fysioterapistillingar fordelt på 15 personar 

Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi og Nasjonalt brannskadesenter:  

Ca 4,5 fysioterapistillingar 

Kvar er vi? 

  • Vi har kontor i Armauer Hansens Hus, Fysioterapiavdelinga sine kontorlokale i 2. etasje.  
  • Vi arbeidar klinisk på sengepostane til:
    • Ortopedisk avdeling,  7. etasje i Sentralblokka
    • Avdeling for ortopedisk infeksjon, 4. etasje i Sentralblokka
    • Dagkirurgisk avdeling, 2. etasje i Sentralblokka
    • Intensivmedisinsk avdeling
    • Barnekirurgisk avdeling, Glasblokkane  
    • Brannskadeavsnittet, 5. etasje i Sentralblokka
    • Plastikkirurgisk sengepost, 5. etasje i Sentralblokka 
  • Vi  har polikliniske vurderingar og oppfølgingar på:
    • Ortopedisk poliklinikk, 2. etasje i Sentralblokka
    • Plastikkirurgisk poliklinikk, 2. etasje i Sentralblokka
    • Brannskade poliklinikk, 5. etasje i Sentralblokka 
 

Arbeidsområde 

Fysioterapeutane i seksjonen følgjer opp både innlagde og polikliniske pasientar. Pasientane får oppfølging av fysioterapeut med til dømes informasjon, rettleiing i øvingar, forflytting, gangtrening, og vurdering av funksjon. På poliklinikken vert det gjort vurdering av funksjon, diagnostisering, testing og kontrollar etter operasjon/skade. 

Fysioterapeutane ved eininga har eit tett tverrfagleg samarbeid med både legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell.  

 

Ortopedisk avdeling

Ortopedisk avdeling har sengeplassar fordelt på 4 postar i 7. etasje og 4. etasje i Sentralblokka. I tillegg har avdelinga ei ortopedisk barnegruppe  på barnekirurgisk avdeling i barne- og ungdomssjukehuset. 

Pasientane blir lagt inn grunna akutt skade/sjukdom eller planlagde ortopediske operasjonar. Det er fysioterapeut knytt til alle ortopediske sengepostar. Fysioterapeutane ved ortopedisk avdeling følgjer både innlagde og polikliniske pasientar.  

For meir informasjon om Ortopedisk avdeling, sjå her: Ortopedisk avdeling, Haukeland - Helse Bergen HF (helse-bergen.no) 

 

Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi og Nasjonalt brannskadesenter 

Fysioterapeutane knytt til einingane  arbeider tett med legar, sjukepleiarar, ergoterapeutar og anna postpersonale. Behandlinga skjer både i akutt fase og som oppfølging over tid, anten på sengepost eller poliklinisk.  

Viktige behandlingsprinsipp er tidleg mobilisering, aktive øvingar og å få pasienten raskt sjølvhjelpen i daglege aktivitetar. Fysioterapeuten gjev preinstruksjon til pasientar som skal gjennom planlagde operasjonar, og mykje viktig arbeid skjer gjennom informasjon, instruksjon og rettleiing. Målet er at pasientane skal gjenvinne eller oppretthalde sin funksjon i dagleglivet og å unngå komplikasjonar.  

Bevegelighetstrening for brannskadde skjer gjennom passiv tøyning i narkose, i samband med sårstell. Kontrakturprofylakse og førebygging av arrhypertrofi er grunnleggjande element i behandlinga av brannskader. Lungefysioterapi er ofte aktuelt i startfasen av behandlingsforløpet.  

Her kan du lese meir om Plastikkirurgi og Brannskade: Plastikkirurgi og brannskade - Helse Bergen HF (helse-bergen.no) 

 

 

Fysioterapeutane knytt til seksjonen driv også med undervisning og opplæring både internt og eksternt, og har også nært samarbeid med HVL med tanke på både fysioterapistudentar og turnuskandidatar.  

 
Sist oppdatert 23.10.2024