Endringar ved legevakta i Bergen

No må du velje mellom to luker når du oppsøker legevakta.

Publisert 11.04.2018
Sist oppdatert 23.04.2018

Frå 11. april endrar Bergen kommune og Helse Bergen organiseringa av legevakta. Det nye er at tilbodet blir organisert i to ulike avdelingar:

  • Den kommunale allmennlegevakta har ansvar for å behandle akutte medisinske og psykiske sjukdommar, hjerneskakingar, augeskadar og ryggskadar. I tillegg skal kommunen ha legevaktsentral som kan gi råd heile døgnet til innbyggarar som ringer 116117.
  • Helse Bergens skadepoliklinikk har ansvar for å behandle brot, kutt og sår, brannskader, og har også tilbod om fysioterapi. Skadepoliklinikken når du på telefon 55568755.

Kva betyr dette for tenestene du får på legevakta?

Målet er at innbyggarane skal merke minst mogleg til endringane. Du vil få tilbod om dei same tenestene i same lokale som i dag, og dei same legane vil gi den same gode behandlinga som tidligare. Mange tilsette legar og sjukepleiarar vil også rotere mellom å utføre kommunale oppgåver og spesialisthelsetenesteoppgåver.

Kva praktiske konsekvensar vil endringane ha for deg?

Når du kjem inn i lokalet i Bergen helsehus i Solheimsgaten 9 må du trekke ein kølapp. Det nye er at du må velje mellom to hovudkategoriar når du skal trekke kølapp: «Sykdom» eller «Skade».

Ved å trykke på «Sykdom» blir du tilvist til luka for dei kommunale legevakttenestene, og ved å trykke på «Skade» blir du tilvist til luka for Helse Bergen sine tenester.

Dersom du er i tvil om du skal oppsøke hjelp på den kommunale allmennlegevakta (Bergen legevakt) eller på Skadepoliklinikken, er det ein venteromsvert tilstade som kan gi deg rettleiing om kva for kølapp du skal trekke.

Er det mange som må betale eigendel til både Helse Bergen og Bergen kommune?

Dei aller fleste vil få nødvendig hjelp frå ei av avdelingane. I nokre få tilfelle kan det vere at ein pasient treng hjelp både frå dei kommunale legevakttenestene og frå Skadepoliklinikken. Avdelingane vil då samarbeide om behandlinga av pasienten. I desse få tilfella må pasienten betale eigendel for begge tenestene som er mottatt.

Blir det lengre ventetid?

Kapasiteten ved legevakttilbodet skal oppretthaldast som tidlegare. Som før vil det vere graden av alvor som avgjer i kva rekkefølge pasientane skal prioriterast på den aktuelle avdelinga.

Kva med bydelslegevaktene?

Kommunen planlegg å behalde bydelslegevaktene i Fana, Loddefjord og Åsane som i dag. Desse er reine allmennlegetilbod, og har ikkje dei ulike spesialiserte tilboda som du finn ved Bergen legevakt og Helse Bergen sin Skadepoliklinikk. Tilbodet ved legevaktstasjonane i bydelane blir dermed ikkje påverka av endringane.

Skadepoliklinikken på legevakta

Ved Skadepoliklinikken hjelper vi pasientar og pårørande som treng øyeblikkeleg helsehjelp ved skadar som brot, kutt og sår, brannskade, fysioterapi samt kontrollar ved oppfølging.
Les meir om Skadepoliklinikken til Helse Bergen
Eksteriør Bergen helsehus. Foto