Bjørgvin DPS dagbehandling, Knarvik

Dagbehandlinga ved Bjørgvin DPS blir gitt som ulike gruppetilbod både i Knarvik og på Tertnes, og er organisert som ein del av poliklinikk eller sengepost. Dette fordi gruppetilbodet vanlegvis er ei forlenging av eit døgnopphald eller som ein del av poliklinisk behandling, men det kan og vere eit eige behandlingstilbod.

Mann spiller munnspill. Foto
 

Fokuset er behandling og undervisning, men innhaldet kan variere over tid. Aktuelle grupper er:

  • Angstmeistring
  • Livsmeistring
  • Samtale
  • Uttrykksterapi
  • Musikkterapi
  • Ulike kurs som eks i sinnemeistring, depresjonsmeistring, ernæring
  • Fysisk trening
  • Tur
  • Pilates

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Divisjon psykisk helsevern Bjørgvin DPS Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Bjørgvin DPS sin poliklinikk for allmennpsykiatri i Knarvik i Nordhordland.
Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

​Det er parkering for pasientar og besøkande i parkeringsanlegg under helsehuset. Her er det om lag 100 parkeringsplassar, der 70 av desse kan nyttast av pasientar og besøkande. Det er 3 timar gratis parkering (SesamSesam) for pasientar i parkeringskjellaren under helsehuset. Parkeringssystemet Sesam Sesam nyttar skiltgjenkjenningssystem der eit kamera les av bilskilta ved inn- og utkøyring.​


Praktisk informasjon

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient