Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)
Bjørgvin distriktpsykiatriske sjukehus (DPS) er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune og i kommunane Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for menneske med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi tilbyr poliklinisk behandling, dagbehandling, døgnbehandling og akutt hjelp.
Kontakt
E-post
Logg inn for å endre time
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Bjørgvin DPS er lokalisert både på Tertnes i Åsane, i Tertnesveien 37 -
samt i Knarvik i Nordhordland, i Kvassnesveien 63.
Tertnesveien 37
Tertnesveien 37
Praktisk informasjon
Her finn du informasjon om kva du kan gjera for å førebu den fyrste samtalen, kva som skal skje under den fyrste samtalen og korleis behandlinga går for seg.

Er du pårørande?
Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.

Hjelp deg sjølv i ventetida
Her finn du informasjon om vanlege psykiske vanskar, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.

Aktivitetar og tilbod
Psykiske problem har ofte samanheng med, og kan påverke forholdet til våre medmenneske. Vi vektlegg derfor aktivitet og samhandling.

Sjå foto frå Bjørgvin DPS på Tertnes
Bjørgvin DPS på Tertnes er lokalisert i tre forskjellige bygg som husar poliklinikkar, dagbehandling og døgnbehandling for våre pasientar. Her kan du sjå bilde frå både innsida og utsida.

Rettar, val og moglegheiter
Vi vil at du som pasient og dine næraste skal få god informasjon, hjelp og rettleiing til å leve best mogleg med sjukdommen, skaden eller tilstanden din. Her finn du ei oversikt over dine rettar og moglegheiter på sjukehuset.
