Kronstad distriktspsykiatriske senter

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne. Vi er lokaliserte på Danmarksplass i Bergen.  Ved Kronstad DPS blir det gitt tilbod om spesialisthelsetenester til befolkninga i bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda i Bergen kommune.

Vi skal bidra til at menneske med psykiske lidingar kan leve eit normalt liv med fokus på deltaking, sjølvstende og meistring. Vi har ulike tenestetilbod til menneske med psykisk sjukdom, og behandling blir utført ved våre poliklinikkar, seksjonar for dag- og døgnbehandling og i ambulante team. Vi utfører både akutt og planlagt behandling, hovudsakleg etter tilvising frå fastlege. Kronstad DPS har som målsetjing å tilby behandling på rett nivå.

Informasjon til tilvisande lege eller psykolog

Fleire behandlingstilbod

OCD-teamet

TOPS-teamet

eMeistring

Kontakt

Sentralbord

Helse Bergen sentralbord 55 97 50 00 på ettermiddag / kveld / helg

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Postboks 1400 5021 Bergen

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Kronstad DPS på Danmarksplass i Bergen.

Kronstad

Fjøsangerveien 36

5054 Bergen

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

​Familierommet er i 5. etasje. Etter avtale kan pasientar her ta imot familie og vener som kjem på besøk. 
Vi har og fleire nøytrale rom som til dømes kan nyttast til samtalar mellom pasient, familie og behandlar.

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.