ADHD i somatikken - har det implikasjonar for klinikken?

Oppdaging og behandling av ADHD er viktig for behandlingsetterleving og såleis også prognose for somatiske lidingar. Det vil derfor vere nødvendig å ta omsyn til ADHD og relaterte vanskar i behandling og oppfølging.

Publisert 01.04.2022
Sist oppdatert 20.06.2024

​På denne siden har vi samla informasjon for å auke merksemda på ADHD i somatikken, både i kommunale tenester og i spesialisthelsetenesta.

ADHD er ein tilstand som er overrepresentert  i somatikken fordi:

  • ​det er ein risikofaktor for ulike livsstilssjukdommar og ulykkar
  • nokre somatiske lidingar er ein risikofaktor for ADHD
  • ADHD og somatiske lidingar kan ha felles risikofaktorar
Forsking viser auka førekomst av ei rekke somatiske lidingar ved ADHD. Det er derfor viktig å vere særleg merksam på somatikk i denne gruppa.

På den anna side, forsking tyder på at ADHD i mange tilfelle blir «overskugga» av andre lidingar. Det vil seie at ADHD ikkje blir oppdaga fordi symptom blir oversett eller blir forklart ut frå andre tilstandar. Ein studie viste for eksempel at ADHD blei «overskugga» hos 71,8 prosent av barn med nevrologiske lidingar [1]. Dette kan paradoksalt nok føre til at dei mest sårbare ikkje blir behandla for ADHD eller at vanskane ikkje blir tatt omsyn til ved oppfølging for den somatiske lidinga. Dette kan ha negative konsekvensar for somatisk helse. For eksempel er det funne dårlegare regulert blodsukker hos ungdom med diabetes og ubehandla ADHD enn hos barn og ungdom med diabetes utan ADHD [2, 3].

ADHD er ein av dei vanlegaste tilstandane i psykisk helsevern med ein prevalens i befolkninga på rundt 5,3 prosent hos barn [4] og 3 prosent hos vaksne [5]. Kjenneteikn er:

  • ​​​vanskar med merksemd
  • hyperaktivitet
  • impulsivitet​​

Nokon med ADHD er hyperaktive, impulsive og har redusert oppmerksemd, men det er også mogleg å kun ha vanskar med oppmerksemd eller hyperaktivitet/impulsivitet. Vanskane med oppmerksemd kjem gjerne fram ved mentalt krevjande, keisame oppgåver. ADHD, særleg hos jenter, er ofte karakterisert av at dei er lite opp​merksame og dette kan vere vanskeleg å oppdage. ​

Symptoma skal vare over tid, vise seg på fleire ulike område og føre til ned​​setting i funksjon for at diagnose kan bli stilt. Vanskar med eigenleiing, eller såkalla reguleringsfunksjonar, er sentralt ved ADHD. Dette vil seie å regulere følels​​ar, tankar, oppmerksemd og åtferd. Desse vanskane inneber at "hjernen sin dirigent" ikkje fungerer optimalt og inneber utfordringar med å:

  • ​organisere og planlegge
  • regulere følelsar
  • halde tidsfristar
  • hemme impulsar
  • uttrykke seg nyansert
  • huske avtalar
  • kommunisere
  • arbeide målretta
  • ta imot og arbeide med informasjon
  • ha fleire tankar i hovudet samtidig
  • ha innsikt i eigen situasjon
  • tilpasse seg nye situasjonar
  • regulere matinntak og søvn​
  • jobbe målretta over tid
  • halde oppe motivasjon over tid
  • velj​e større, langsiktige påskjønningar heller enn umiddelbar tilfredsstilling
Reguleringsfunksjonar er viktige på mange livsområde, og vanskane disponerer for livsstilssjukdommar og ulykkar, samt vanskar med å følge opp behandling.

ADHD er forbunde med:

  • ​​søvnvanskar
  • motoriske vanskar
  • psykiske lidingar
  • somatiske lidingar
  • lærevanskar
  • andre nevroutviklingsforstyrringar
  • erverva skadar
[6, 7]

ADHD kjem i dei fleste tilfelle saman med nokon av dei nemnde tilstandane over. Samtidige vanskar bør identifiserast og eventuelle tiltak bør settast inn så tidleg som mogleg. Ver merksam på at ADHD er overrepresentert hos menneske med:

  • nevropsykiatriske tilstandar og lærevanskar
  • nært familiemedlem diagnostisert med ADHD
  • epilepsi
  • erverva hovudskade
  • historie med rusmisbruk eller kriminalitet
  • prematur fødsel
[7]

Det er viktig å ha låg terskel for å vurdere mogleg ADHD i gruppene nemnde over. Forsking tyder på at ADHD er assosiert med følgande somatiske tilstandar (ikkje uttømmande):

  • overvekt
  • metabolske lidingar som Føllings sjukdom
  • søvnvanskar
  • seksuelt overførbare sjukdommar
  • abnormalitetar i auget
  • migrene
  • autoimmune sjukdommar, som Bekhterevs, ulcerøs kolitt, psoriasis og autoimmun tyreoiditt, atopisk eksem og astma
  • allergi
  • erverva skadar
  • stressrelaterte tilstandar
  • genetiske syndrom
  • syn- og høyrselsvanskar
  • epilepsi
  • kols
  • muskel- og skjelettlidingar
  • demens
  • Parkinsons sjukdom
  • kardiovaskulær sjukdom
  • alkohol-relatert leversjukdom
[6, 8-13]

Dersom det ligg føre ADHD saman med dei nemnde tilstandane, kan dette vere viktig å avdekkje for å forstå og behandle det samla vanskebildet. 

Mange med ADHD droppar ut av behandling og møter ikkje til timeavtalar​ [14]. Ein studie viste at dei som ikkje møtte til to eller fleire avtalar hos allmennlege har ein høgare dødelegheit enn dei som møt​te til timene [15]. Heile 5 prosent som ikkje møtte til to eller fleire avtalar hos allmennlege i løpet av eit år, døde. Studien viste også at dei som hadde psykiatriske vanskar i tillegg, hadde 8 gangar høgare risiko for å døy samanlikna med dei som møtte til avtalane. Gjennomsnittet for død​​ i denne gruppa var 49 år og det var oftast av ikkje-naturlege eksterne faktorar som sjølvmord, vald og trafikkulykkar. Det er mogleg at desse tala delvis kan forklarast ut frå ADHD, med tanke på auka risiko for bruk av rusmiddel, kriminalitet og risikoåtferd.

Wilson [16] poengterer viktigheita av at allmennpraktikarar kartlegg årsakene til manglande oppmøte, og at dei ikkje induserer skam hos pasientane.

ADHD er ein risikofaktor for utvikling av blant anna livstilssjukdommar. I nokre tilfelle kan det ligge føre felles risikofaktorar for ADHD og somatiske tilstandar:

  • ​Prematuritet er risikofaktor både for ADHD og syn- og høyrselsvanskar. Syn og/eller høyrselsvanskar kan i nokre tilfelle vere forklaring på ADHD-symptom, men sidan tilstandane har felles risikofaktorar, er det spesielt viktig å undersøkje om det kan dreie seg om begge delar og ikkje automatisk årsaksforklare alle symptom ut frå ein diagnose.
  • Forsking tyder på at det er genetisk overlapp mellom fedme og ADHD [17], og da spesielt med omsyn til gener viktige for putamen sin funksjon, som er ein del av hjernen som er viktig for evne til impulshemming.
  • Ved ulike typar skadar, som lette hovudskadar, kan det også vere vanskeleg å vite om det er hovudskaden som har ført til symptom på ADHD, eller om det er ADHD som har ført til skaden på grunn av for eksempel impulsivitet. Av og til kan hovudskadar forsterke allereie eksisterande ADHD-symptom.

Mange sjukdommar gir auka risiko for ADHD. ADHD er i likheit med andre (nevro)psykiatriske tilstandar ein symptomdiagnose og blir sett også i tilfelle der det for eksempel er medfødde tilstandar som er årsaka.


  • ​Sørg for at tilvising til psykisk helsevern blir vurdert ved mistanske om ADHD
  • Sett inn tiltak ved symptom på ADHD uavhengig av om tilstanden er diagnostisert
  • Ver merksam på at ekstra oppfølging kan vere nødvendig for å sikre behandlingsetterleving for somatiske lidingar

Menneske med ADHD kan ha behov for:

  • tettare oppfølging enn andre
  • at informasjon blir gitt både skriftleg og munnleg
  • kort og konsis informasjon
  • at informasjon blir gjentatt
  • påminning i forkant av timeavtalar
  • hyppigare timeavtalar enn andre
  • at helsepersonell arbeider tverrfagleg på tvers av psykisk helsevern og somatikk
  • nye «sjansar» dersom dei ikkje klarer å følge opp
  • tydelege behandlingsplanar

Vanskar og tilstandar som er hyppig førekommande ved ADHD, som dysleksi, kan også medføre problem med for eksempel utfylling av skjema. Ta omsyn til samtidige vanskar og gi individuell tilrettelegging basert på funksjon og ikkje berre eventuelle diagnosar. Nokon vil trenge svært tett oppfølging, mens andre vil klare å følge behandling utan problem.

Sidan menneske med ADHD som regel veit kva dei bør gjere, men har vanskar med å gjennomføre det i praksis, hjelper det vanlegvis ikkje med formaningar. Fokus bør derfor hovudsakleg vere på tilrettelegging for vanskane.

ADHD opptrer saman med ei rekke andre tilstandar, også somatiske. Dersom dette ikkje blir tatt omsyn til, kan symptoma på ADHD føre med seg dårlegare oppfølging og prognose med omsyn til somatiske tilstandar. Oppdaging og tilrettelegging er derfor essensielt for best mogleg oppfølging av menneske med somatiske tilstandar og samtidig ADHD. På grunn av høgare førekomst av ulike somatiske tilstander ved ADHD, er det også viktig å vere merksam på mogleg somatisk sjukdom og risiko for utvikling av livsstilssjukdommar hos menneske med ADHD.

  1. ​Hendriksen, J.G., et al., Diagnostic overshadowing in a population of children with neurological disabilities: A cross sectional descriptive study on acquired ADHD. Eur J Paediatr Neurol, 2015. 19(5): p. 521-4.
  2. Nylander, C., et al., Previously undiagnosed attention-deficit/hyperactivity disorder associated with poor metabolic control in adolescents with type 1 diabetes. Pediatr Diabetes, 2018. 19(4): p. 816-822.
  3. Hilgard, D., et al., Comorbidity of attention deficit hyperactivity disorder and type 1 diabetes in children and adolescents: Analysis based on the multicentre DPV registry. Pediatr Diabetes, 2017. 18(8): p. 706-713.
  4. Polanczyk, G., et al., The worldwide prevalence of ADHD: a systematic review and metaregression analysis. Am J Psychiatry, 2007. 164(6): p. 942-8.
  5. Fayyad, J., et al., The descriptive epidemiology of DSM-IV Adult ADHD in the World Health Organization World Mental Health Surveys. Atten Defic Hyperact Disord, 2017. 9(1): p. 47-65.
  6. Canadian ADHD Resource Alliance (CADDRA): Canadian ADHD Practice Guidelines, F.E., Canadian ADHD Practice Guidelines. 2020, Toronto ON: CADDRA.
  7. Excellence, N.I.f.H.a.C., Attention deficit hyperactivity disorder: diagnosis and management (NG87). 2018.
  8. Instanes, J.T., et al., Adult ADHD and Comorbid Somatic Disease: A Systematic Literature Review. J Atten Disord, 2018. 22(3): p. 203-228.
  9. Soleimani, R., M.M. Jalali, and H.A. Faghih, Comparing the prevalence of attention deficit hyperactivity disorder in hearing-impaired children with normal-hearing peers. Arch Pediatr, 2020. 27(8): p. 432-435.
  10. DeCarlo, D.K., et al., Prevalence of attention-deficit/hyperactivity disorder among children with vision impairment. J AAPOS, 2014. 18(1): p. 10-4.
  11. Hegvik, T.A., et al., Associations between attention-deficit/hyperactivity disorder and autoimmune diseases are modified by sex: a population-based cross-sectional study. Eur Child Adolesc Psychiatry, 2018. 27(5): p. 663-675.
  12. Faraone, S.V., et al., The World Federation of ADHD International Consensus Statement: 208 Evidence-based conclusions about the disorder. Neurosci Biobehav Rev, 2021.
  13. Du Rietz, E., et al., Mapping phenotypic and aetiological associations between ADHD and physical conditions in adulthood in Sweden: a genetically informed register study. Lancet Psychiatry, 2021.
  14. Soendergaard, H.M., et al., Treatment dropout and missed appointments among adults with attention-deficit/hyperactivity disorder: associations with patient- and disorder-related factors. J Clin Psychiatry, 2016. 77(2): p. 232-9.
  15. McQueenie, R., et al., Morbidity, mortality and missed appointments in healthcare: a national retrospective data linkage study. BMC Med, 2019. 17(1): p. 2.
  16. Wilson, P., et al., Missed GP appointments linked to higher risk of death. BMJ, 2019. 364: p. l485.
  17. Chen, Q., et al., Attention-deficit/hyperactivity disorder and clinically diagnosed obesity in adolescence and young adulthood: a register-based study in Sweden. Psychol Med, 2019. 49(11): p. 1841-1849.


Vil du lære meir om ADHD i somatikken?

Sjå vårt webinar med psykologspesialist Helene Barone:

​​