Egil Anders oppdagar Bergen til fots – inspirert av forskingsarbeid
Bergen har mange trufaste ambassadørar, men få er like dedikerte til å utforska byen som Egil Anders Haugen. Han har teke fatt på ein unik utfordring: Han skal gå eller springa kvar einaste gate i byen.

Ved hjelp av nettsida CityStrides kartlegg Egil Anders si reise gjennom Bergen, ei gate om gongen. Det er ein hobby som kombinerer oppdaging og trening – og som har røter i Egil Anders sitt arbeid ved Bergen Psykoseforskargruppe (BPRG) ved UiB og Haukeland universitetssjukehus.
Forsking med livsviktig betydning
Ved BPRG blir det forska på psykose-lidingar frå fleire ulike vinklar.
– Vi gjennomfører kliniske studiar på ulike medisinar og terapiformer for å optimalisere behandlinga av psykose, fortel klinikkoverlege ved Psykiatrisk klinikk og professor Erik Johnsen, leiar for BPRG.
– I tillegg undersøker vi dei biologiske mekanismane og dei genetiske faktorane bak sjukdomsutviklinga. Dette gjer vi ved å analysere biologiske prøver som blod og serum direkte – eller ved å utvikle og bruke svært avanserte stamcellemodellar, seier han.
Johnsen fekk nyleg støtte frå Trond Mohns forskingsstifting til å etablere Mohn forskingssenter for psykose-lidingar (MRCP). Eitt av prosjekta ved senteret samanliknar ulike treningsformer for å finne ut kva som gir best resultat over tid for personar med schizofreni eller bipolar liding. Desse pasientgruppene har ti til femten år kortare forventa levealder enn resten av befolkninga, og treningsterapi kan bidra til å forlenge livet.
– Personar med alvorlege psykiske lidingar har ofte auka risiko for hjarte- og karsjukdommar, forklarer Farivar Fathian, koordinator ved MRCP og overlege og seniorforskar ved BPRG. Ho fortel at fysisk aktivitet ikkje berre kan redusere denne risikoen, men òg styrke kognitiv funksjon, dempe symptom og auke livskvaliteten.
Fysioterapeut Helene Krakhella Engesæter, treningsterapeut Stian Gjørøy og forskingssjukepleiar Torkild Hjelmtveit er sentrale medarbeidarar i treningsprosjektet. Dei tek jamleg imot prosjektdeltakarar ved Treningspoliklinikken på Sandviken sjukehus. Her får deltakarane grundig treningsrettleiing, og dei blir tilfeldig fordelte til eitt av to treningsprogram på tredemølle: anten standard 4 x 4-minutts høgintensitetsintervallar (HIT) eller ein forenkla variant med éi 4-minutts økt. Begge intervensjonane varer i 26 veker.
– Vi følgjer opp deltakarane over tid, og måler ulike parameter som kan seie noko om korleis både form og symptom utviklar seg, fortel Helene.
– Vi har deltakarane inne til grundige undersøkingar ved fem ulike tidspunkt, utdjupar Stian. – Då måler vi mellom anna oksygenopptak og tek blodprøver, men vi kartlegg òg mentale og kognitive symptom, livskvalitet, motivasjon og fungering.

Egil Anders ser denne forskinga som eit bevis på kor stor verdi fysisk aktivitet kan ha, noko som har inspirert hans eige prosjekt på CityStrides.
Johnsen er samd. Fødd og oppvaksen i Bergen kjenner han godt til dei mange kvalitetane byen har å by på.
– Fysisk aktivitet er viktig for alle, uansett bakgrunn. Og når du gjer det i ein by som Bergen, blir det sjølvsagt ei oppleving i seg sjølv, seier Johnsen.

Fritid brukt på oppdaging
Egil Anders har fått høyre at han må ha mykje fritid for å gjennomføra eit prosjekt som dette, men det avviser han med eit smil.
– Eg har ikkje meir fritid enn andre, seier Egil. – Eg brukar berre delar av ho på noko som gir meg både opplevingar og trening. Det handlar om å prioritere – og om å ha lyst til å utforske.
Han meiner òg at dette prosjektet gir ei anna type tilfredsstilling enn meir tradisjonell trening. – Du treng ikkje noko fancy utstyr eller dyre medlemskap. Du berre går eller spring, og så gir Bergen deg alt du treng.
Ein inspirasjon til bevegelse
– Egil Anders fortel mange gode og underhaldande historier frå gatevandringane sine. Eit slikt prosjekt er kanskje ikkje for alle, men eg trur dei fleste blir imponerte over innsatsen hans, seier seksjonsleiar Trude Merete Ramberg, som ofte får høyre om Egil Anders sine opplevingar frå Bergens gater i lunsjpausane. – Det er alltid kjekt å ha tilsette som både spreier inspirasjon og oppmodar til fysisk aktivitet – det er positivt for både arbeidsmiljø og helse, seier ho.
Med solide sko og eit digitalt kart fullt av uoppdaga gater, held Egil Anders fram med gatejakta si. Bergen har kanskje mange bakkar og regnvêrsdagar, men det stoppar ikkje denne sprekingen. Ifølgje CityStrides ligg han no på ein klar førsteplass blant dei 2261 andre som per dags dato er registrerte for Bergen.
– Det handlar om å setje seg eit mål og ta det eitt steg av gongen – bokstaveleg talt! avsluttar han lattermildt.
Om han klarer å fullføre alle dei 1886 gatene i Bergen, og om han blir den første som gjer det, gjenstår å sjå – men éin ting er sikkert: Egil Anders kan vere med på å få både kollegaer og resten av byens innbyggjarar ut for å oppleve sin eigen by på ein ny måte.
Les meir om BRPG på deres nettside >>