Kvalitetsprosjekt Tidleg psykose

Det er viktig å vite om menneske med psykose, nærpsykose eller psykoserelaterte vanskar får god behandling, utgreiing og oppfølging i Divisjon psykisk helsevern.

​God fagleg praksis er definert i den nasjonale faglege retningslinja for utgreiing, behandling og oppfølging av personar med psykoselidingar.

 

Kva vil vi undersøke?

Kvalitetsprosjekt Tidleg psykose kartlegg derfor kva utgreiing og oppfølging menneske som har fått kort eller lang oppfølging ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP) (inkludert TOPS​) har mottatt. I tillegg kartlegg vi resultata av behandlinga, og om gangen i behandlinga har vore god. Eksempel på spørsmål som blir undersøkt er:

  • Går det kort nok tid til oppstart av behandling?
  • Kor mange behandlarar kan ein ha hatt i den perioden ein har fått oppfølging?
  • Blir dei fleste psykosefri (i remisjon) i løpet av behandlinga?
  • Kor mange bruker medisiner i oppfølgingen, og kor mange får eit medisinfritt forløp?
  • Kor mange er underlagde tvungen behandling, og endrast dette over tid?

Informasjonen skal brukast på gruppenivå, det vil seie at individuell informasjon ikkje blir brukt. Alt blir anonymisert og lagra på sikra dataservar på Haukeland universitetssjukehus. Prosjektet er godkjend av personvernombodet på sjukehuset.

I tillegg ønsker vi å snakke med menneske som har vore til oppfølging om kva hjelp dei har fått, og korleis dette blir opplevd. Då blir ein invitert til å vere med på personsamtale i Kvalitetsprosjekt Tidleg psykose.

 

Lurer du på noko?

Egil Anders Haugen 
Prosjektkoordinator

Telefon  55 95 88 02​

 

Sist oppdatert 06.12.2024