Tidleg oppdaging av psykose - TOPS

Psykose kan beskrivast som vanskar med å skilje mellom kva som er verkeleg og ikkje.

To kvinnelige tilsette foran Tops-plakat. Foto

Å vere deppa eller stressa i ein periode er heilt normalt. Men viss vanskelege tankar og kjensler tek overhand, og varer i fleire veker, kan ein byrje å tenke på psykose. Ein psykose startar ofte med diffuse plagar og ei oppleving av at noko er annleis.

Ein kan oppleve at verda endrar seg og ein blir usikker på kven ein er. Ein kan også synest det blir vanskeleg å konsentrere seg om skulearbeid, arbeid, fritidsaktivitetar, vener eller familie.

Alle har imidlertid ikkje slike klare endringar på førehand, og det er heller ikkje nokon av desse plagane som på førehand kan seie noko om det blir  ein langvarig psykose eller ikkje.

Før ein utviklar ein psykose er ein gjerne i tvil om eigne opplevingar er verkelege eller ikkje. Seinare i forløpet kan ein i  aukande grad bli overtydd om at opplevingane er verkelege.

Det kan vere grunn til bekymring hvis ein endrar oppførsel og reaksjonar utan at det er ein spesiell grunn til det. Til dømes viss ein:​

  • Trekkjer seg tilbake frå familie og venner
  • Søv dårleg eller snur døgnet
  • Gjer det dårlegare på skule eller jobb
  • Har problem med konsentrasjon og dårleg hugs
  • Bryr seg mindre om eigen hygiene
  • Er redd for å gå ut av huset
  • Får panikk, er veldig trist eller har sjølvmordstankar
  • Er ekstremt oppteken av tema som død, politikk eller religion
  • Testar ut ulike rusmiddel
  • Høyrer lydar som ingen andre høyrer
  • Ser ting som ingen andre ser
  • Trur at andre vil ein vondt
  • Trur at andre lagar eit komplott, spionerer og følgjer etter ein
  • Trur ein blir påverka til å gjere ting, til dømes av fjernsyn eller radio
  • Trur ein har spesielle evner og kan lese andre sine tankar
  • Har nokon i nær familie som er alvorleg psykisk sjuk
  • Psykose kan opplevast forskjellig frå person til person, og ingen som er i ferd med å utvikle ein psykose vil oppleve alle desse teikna.

Ved ein psykose har ein ofte vanskar med å sette ord på det som skjer. Det betyr at ofte må andre sørge for å skaffe hjelp.

Alle som er bekymra for at nokon har ein psykose eller er i psykoserisiko, kan ta kontakt. Det betyr at ungdomen sjølv, vener, familie, helsesøster, fastlege, lærarar, rådgjevarar, PPT og andre kan ringe oss.

Gruppebilde Tops-kontaktene. Foto
 

På bakgrunn av telefonsamtalen kan det vere aktuelt å snakke med deg igjen. Dette vil ta ca. ein time. Du kan gjerne ha med deg ein ven eller du kan velje om nokon i familien skal vere med, enten under heile eller delar av samtalen. Viss det er vanskeleg for deg å kome til oss, kan vi kome heim til deg eller vi kan møtast ein annan stad.

Psykolog hilser på pasient. Foto
 

Etter samtalen blir det utarbeidd ein skriftleg rapport som vi fortrinnsvis sender til fastlegen din.

Viss det kjem fram symptom som peikar i retning av psykoseproblematikk vil vi hjelpe deg å kome raskt til behandling.Skulle det kome fram andre symptom som ikkje fell innunder TOPS si målgruppe, vil vi hjelpe deg å ta kontakt med aktuell hjelpeinstans.

Ved å kome tidleg til behandling er sjansen betydeleg større for å bli frisk. Milde symptom er enklare å behandle og krev sjeldan innlegging på sjukehus. Utan behandling blir symptoma meir alvorlege, behovet for behandling blir meir omfattande.

Ifølge dei nasjonale retningslinjene for behandling av psykoselidingar, blir det anbefalt ein kombinasjon av individuell terapi, familiegrupper, psykoedukasjon og medikamentell behandling. Vi har eit utvida samarbeid med ulike behandlingstilbod.

TOPS ønsker å hjelpe ungdommen og deira familie med å få kontakt med riktig del av behandlingsapparatet. Vi samarbeider difor tett med dei distriktpsykiatriske sentra (DPS) og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

DPS og BUP vil ha det primære behandlingsansvaret for pasientar som ikkje har behov for døgnbehandling på sjukehus.

Ungdommane mellom 15 og 30 år, som i ein periode vil ha behov for tettare oppfølging, vil bli behandla i Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP).

ASP vil også bidra til at alle som har behov for det skal få ei grundig og god utgreiing.


 

TOPS-logo. Grafisk illustrasjon
 

Sist oppdatert 27.09.2016