Utgreiing av kompliserte psykosetilstandar

Psykoselidingar er samansette. Det er særs viktig å fange opp andre lidingar som kan være til stades samstundes med psykosen.

Utgreiing av psykoselidingar skjer etter Helsedirektoratets  faglege retningsliner for utgreiing og behandling. 

Alle avdelingane som høyrer til ASP har behandlarar som har lang erfaring med og særskilt utdanning for å arbeide med denne pasientgruppa.

Individuell utgreiing

Utgreiinga er individuelt tilpassa og tek omsyn til alder. Hos unge menneske er variasjonen i symptom store, og ASP har ei eiga døgnavdeling og poliklinikk for utgreiing og behandling av unge menneske med psykoselidingar (alder 15-30 år).

Psykose og rus

Pasientar med psykose som og nyttar rusmiddel vert utgreia for avhengigheit og psykose samstundes. Oppfølgjing over tid er viktig for å finne ut om rusbruken kan vere årsak til psykosen. Dersom psykosen ikkje forsvinn etter ein månad med fråver av rusmiddelbruk, må ein undersøke om det kan være andre grunnar til psykosen.

Kognitive vanskar

Utgreiinga tek omsyn til kognitive vanskar som er vanlege ved psykose. Nesten alle personar som har ei psykoseliding har problem knytt til merksemd, konsentrasjon og minne. Alle mellom 15 og 30 år får tilbod om ei kort undersøking hos nevropsykolog. Pasientar eldre enn 30 år kan og få ei slik undersøking.

Den somatiske helsetilstanden vert og nøye vurdert. Det er vanleg å gjere MRI av hovudet og EEG-undersøkingar som ein del av utgreiinga.

Sosiale og økonomiske forhold

Ein viktig del av utgreiinga er og ei kartlegging av pasientane sin økonomi, busituasjon, kontakt med familie og anna nettverk. Familien og andre pårørande er viktige ressursar for personer med psykoselidingar, og vi har eige kurs​tilbod om ettermiddagen/kvelden til familiar som ønskjer dette.  


Utgreiing ved utviklingshemming og utviklingsforstyrringar

Teamet for pasientar med utviklingsforstyrringar eller -hemming og psykiske lidingar (UUP) består av eit tverrfagleg miljø som tek seg av komplekse og samansette problemstillingar hjå personar med utviklingshemming  og utviklingsforstyrringar.

Vi har fokus på utgreiing, behandling  og tilrettelagt miljøterapi. UUP har eit aktivt samarbeid med pasientane sine pårørande og kommunale aktørar som yter tenester til desse pasientane.

UUP gir rettleiing til behandlarar i spesialisthelsetenesta. Rettleiinga inkluderer utgreiing og tilrettelegging av individuell miljøterapi for psykiatriske pasientar med erverva kognitiv svikt.

Teamet består av psykiater, spesialist i klinisk psykologi og psykiatrisk sjukepleiar. Vi samarbeider tett med Nevropsykologisk team og Habiliteringstenesta.
Sist oppdatert 27.09.2016