Barneposten er underlagd offentlege lovar. Særleg vil Pasientrettighetsloven regulere mange av rettane dine som føresett for barn i behandling. Psykisk helsevernslova, Spesialisthelsetjenesteloven og Helsepersonellova er også viktige lover for reguleringa av arbeidet med barn og familiar på Barneposten.
Viss ein ikkje får den hjelpa ein har krav på, er det gjennom Pasientrettighetsloven, Helsetilsynet i fylket som er rette klageinstans. Sjå informasjon over frå Helse Bergen om pasientrettar og klageinstansar.
Pasientombudet for psykiatri
Pasientombudet for psykiatri skal jobbe for å hindre urett mot pasientar i psykiatrien. Dersom du meiner det er gjort urett mot deg eller barnet ditt, kan du få gratis hjelp ved:
Pasient- og brukarombudet i Hordaland
Vaskerelven 39
5014 Bergen
Tlf. 55 21 80 90
Kontrollkommisjonen
Innan psykisk helsevern er det eigne kontrollkommisjonar. Kontrollkommisjonen fører tilsyn med Barneposten. Kommisjonen blir leidd av ein jurist, og består ellers av ein lege og to andre medlemmer.
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre kvar enkelt pasients rettstryggleik i møte med psykisk helsevern. Kommisjonen held mellom anna tilsyn med posten sin bruk av halding av barn i utageringssituasjonar gjennom melde og umelde besøk. Barna og omsorgspersonane får høve til å prate med medlemmer i kommisjonen.
Du finn oversikt over kontrollkommisjonane i landet på helsedirektoratet.no