Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fengsels­helseteneste

Vi tilbyr allmennpsykiatrisk helseteneste ved helseavdelingar i Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel (samlokalisert med førstelinetenester), samt ulike behandlings- og påverknadsprogram eller tiltak som er drive i samarbeid med Kriminalomsorga. Seksjonen driv kartlegging og behandling av domfelte med behov for psykisk helsevern, samt utstrakt rettleiing og undervisning overfor andre samarbeidspartnarar innan Kriminalomsorga sine einingar.

Kontakt

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.