Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
En bygning med rødt tak ved en vannmasse

Regional sikkerheitspost

Vi gir tilbod til menneske med alvorlege sinnslidingar som kan vere til fare for andre eller er for ressurskrevjande for det ordinære helsevesenet. Hovudfokus er å gjere pasientane i stand til å motta behandling på eit lågare omsorgsnivå, og å redusere atferdsavvik, i særleg grad farleg atferd. Regional sikkerhetspost held til i bygg 21 Sandviken

Regional sikkerheitspost tar imot pasientar frå helseregion Vest.
Inntakskriterium
Inntakskriterium for innlegging av pasientar til Regional sikkerheitsseksjon

  • Pasientar med alvorleg psykisk liding som er så ressurskrevjande med omsyn til vald/ truslar at dei ikkje kan behandlast sikkert på lågare omsorgsnivå/ lokale sikkerheitsavdelingar.
  • Pasientar kan vere innlagt etter Psykisk helsevernlova og/ eller straffeprosesslova. 

Kontakt

Slik finn du fram

Sikkerhetspsykiatri, Sandviken

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.