MR Optimalisering via simulering

MR OpSim

MR OpSim er eit prosjekt som skal sjå på nytteverdien av å førebu barn og unge på MR-undersøking. Prosjektet består av fleire delar som skal bidra til dette.

MR er ei vanleg undersøking av barn og unge. Det er og ei undersøking det er knytta mykje spenning til og ein del spørsmål rundt. Sjølve maskina kan sjå veldig stor ut og den lagar ein del ukjende, til dels bråkete lydar. Det kan føles litt trongt å ligge inne i maskina, samtidig som det er viktig at ein ligg heilt stille medan undersøkinga pågår. Dette kan vera litt vanskelig fyrste gongen. 

Førebuing heime 

  • Web-appen “Klar for MR”. Dette er eit eige prosjekt under utvikling. Den skal bli tilgjengelig via nettleser. Fordelane med denne web-appen er at den blir tilgjengeleg for alle, den inneheldt oppdaterte bilete og film frå våre lokale, og du kan bli kjent med både utstyret og alle lydane før du møter til timen din. Meir informasjon kjem når sida er klar til bruk.  

  • Det vil og koma meir generell informasjon om MR-undersøking for barn og unge.            

Førebuing på sjukehuset 

  • Leike-lab 1 – Dette leikerommet finn du ved inngangen til avdelinga vår. Dette vert nytta som ventesone for dei som skal til øve-MR. Her finn du ein liten leike-MR som er akkurat stor nok til at du kan “undersøke” kosebamsar eller dokker. Det er og anledning til å teste ut appen “Tento” på VR-briller. “Tento” er eit spel der du kan leike deg gjennom ei MR-undersøking. Spør oss når du kjem til avdelinga om du ønskjer å teste VR-brillene. 

  • Øve-MR (MR-simulator) - Dette er ein MR-maskin i full størrelse og med funksjonar som er tett opp til det du møter på ei vanlig MR-undersøking. Vi kan spele av dei samme lydane, du kan prøve å ligge på benken og bli køyrt inn i “tunellen”. Vi øver på å ligge stille i 5-10 minutt medan maskina bråkar, og bruker ca 20 minutter på å snakke om MR-undersøkinga.        

Kva er målet med prosjektet? 

Ei bedre oppleving av det å komme til MR-undersøking ved at ein kjenner på større grad av mestring, mindre stress og at ein kjenner seg godt førebudd og ivaretatt. 

Ei sikker avklaring på kva barn og unge som treng narkose for å kunne gjennomføre MR. Dette vil kunne spare ventetid og bidra til forutsigbarheit for pasientar og pårørande. 

Bedre bildekvalitet dersom godt førebudde barn og unge kan vera bedre på å ligge stille så lenge som nødvendig i MR-maskina. 

Korleis kan du få bli med på dette? 

Dersom du har blitt henvist til MR på Radiologisk avdeling, barn og unge i Glasblokkene, kan du få tilbud om å møte til simulering (øve-MR) i forkant. Dette krev at du møter til ein “øvings-time” omlag ei veke før den egentlige MR-timen din (ca to veker før om du har fått time til MR i narkose). Ta kontakt med oss dersom du tenker dette kan vera noko for deg. 

Leike-lab 1 er open kvardagar mellom 7.30 og 15.00. Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å låne VR-briller. VR-briller kan kun brukast inne på leike-lab 1, eller eventuelt på sengepost dersom du er innlagt på sjukehuset. 

Kom i kontakt med oss: 

Sist oppdatert 13.08.2024