Radiologisk avdeling, Barn og unge

Radiologisk avdeling, Barn og unge held til i Barne- og ungdomsklinikken i Glasblokkene. Me utfører røntgen, gjennomlysning og ultralydundersøkingar både i seksjonen og på dei ulike postane på Barne- og ungdomsklinikken.  Mor, far eller ein vaksen du kjenner godt, kan vere med deg heile tida du er til undersøking hos oss.

Informasjon til vaksne ved Barnerøntgen - Litt om undersøkinga

Vi som jobbar på seksjon for barn og ungdom har særskilt opplæring og erfaring i å undersøke denne pasientgruppa. Utstyret og metodane me brukar er og spesielt tilpassa barn og ungdom.

Kor mange bilete vi tar, er avhengig av type undersøking. Vi jobbar for å oppnå optimal kvalitet på bileta samtidig som pasienten får så lav stråledose som mogeleg.

Tidlegare var det vanleg å dekke til delar av kroppen med blyteppe eller blyforkle for å skjerme mot stråling. Med vårt moderne utstyr og nøye tilpassa arbeidsmetodar er dette ikkje lenger hensiktsmessig.
Dersom foreldre treng å vere heilt nær for å støtte eller hjelpe barnet, eller dersom ein er gravid, kan ein framleis få tilbud om blyfrakk.

For at bilda vi tar skal blir så fine som mulig, må du kle av deg på den delen av kroppen som skal undersøkast. Som regel kan du beholde undertøy (ikkje BH).

På radiologisk avdeling, seksjon for barn og ungdom bruker vi ikkje lenger blyskjerming. Det vil i praksis seie at vi ikkje legg blyteppe eller -forkle over barnet når det er til røntgen eller gjennomlysning.
Tekniske og prosedyrerelaterte forbedringar har resultert i at blyskjerming ikkje lenger er nødvendig. I tillegg viser nyere forskning at stråledoser gitt i moderne diagnostikk ikkje er skadeleg.

Desse studiane viser og at blyskjerming medfører ein viss risiko for auka stråledose samt risiko for å dekke over mulig relevant informasjon i bildet.
Spør oss gjerne dersom du har spørsmål om bruk av stråling og blyskjerming på barn.

Røntgen er ein måte å ta bilde av korleis kroppen ser ut på innsida. Det som oftast blir undersøkt er lungene, hjertet og skjelettet. I tillegg bruker vi røntgen til såkalla gjennomlysning-undersøkingar. Då lagar vi ein film ved hjelp av røntgen.

Røntgenstråler kan ein verken høyre, sjå eller kjenne. Difor brukar vi lys som hjelper oss å sjå kor på kroppen vi skal ta bilde, og et lydsignal som fortel oss når bildet er tatt. For deg som kjem til oss for å ta røntgenbilde vil det vera mest som å ta bilete med et vanlig kamera.



 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Utanom opningstida kan du legge igjen melding på telefonen, så tar vi kontakt.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling, Barn og ungdom er lokalisert i Glasblokkene, Blokk 7, etasje U1.

Du finn meir informasjon om Glasblokkene her:
Barn og unge flytter til Glasblokkene - Helse Bergen (helse-bergen.no) 

Kart over Glasblokkene og korleis du finn fram:
Finn fram til Glasblokkene - Helse Bergen (helse-bergen.no)

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Det er ein eigen ambulanseinngang med innkøyring frå Jonas Lies vei (vegen mellom Glasblokkene og Sentralblokka). Pasientar som kjem til mottaket for barn og unge til Glasblokkene med bil i akutte situasjonar, kan nytte denne inngangen. Ambulanseinngangen skal berre nyttas for avstiging. Bil må parkerast i parkeringsområdet innanfor.  

Praktisk informasjon

​Vi svarer ikkje på førespurnader som gjeld resultat av radiologiske undersøkingar. Desse skal tilvisande lege gå gjennom, med tanke på vidare medisinsk behandling. Du finn prøvesvaret under pasientjournal på helsenorge.no.​ 

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted. 


Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 


Her vert det lagt inn informasjon om kor dei ulike ventesonene er. 

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

I U2 har Nyføddintensiv ei spisestove for foreldre. I spisestovene er det eigne drikkestasjonar med kaffemaskin, juice, melkedispensar og vatn/isbitmaskin. Både mor, far og søsken kan spise der.

Måltida i spisestoven blir servert: 

Frokost: 08.00-09-00

Lunsj: 11.30-12.30

Middag: 15.00-16.00

Kvelds: 19.00-20.00

Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

 

Det er også ein kafé i første etasje. Denne er open for pasientar, pårørande og tilsette.

Det er i tillegg sju matautomatar spredt rundt i bygget. Desse vil innehalde eit variert utvalg av fersk og ferdig tilberedt mat.

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 08.00 - 21.00. 


Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir. 


I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar


Resepsjonsarealet som finst i trinn 1 vil frå september 2023 bli gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og bemannast med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Informasjon til barn og unge som skal til røntgen

På denne sida finn du praktisk informasjon om røntgenundersøking
Meir om røntgenundersøking her
Til deg som skal til røntgen