BEaBiRD - Bergen group of Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic Disease

BEaBiRD, Bergen group of Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic disease, er ei forskingsgruppe ved Revmatologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus, nært knytta til Klinisk institutt 2 på Universitetet i Bergen (UiB).

Eksteriør Gamle hovedbygg. Foto
 

BEaBiRD - pages in English

BEaBiRD - Bergen group of Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic Disease er ei forskingsgruppe lokalisert på Revmatologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Gruppa er nært knytta opp mot Klinisk institutt ved Universitetet i Bergen.
​​​​Store endringar i behandlinga av revmatiske sjukdommar dei siste 20 åra har ført til redusert sjukelegheit og betre prognose for pasientar med sjukdommar som leddgikt og osteoporose. I tillegg har betre bildediagnostiske metodar endra diagnostikken vesentleg og mellom anna gjort det mogeleg å identifisere nye undergrupper av sjukdom (for eksempel large vessel vasculitis ved kjempecellearteritt) og til og med heilt nye tilstandar.

Forskingsfelt

Forskingsgruppa arbeider i grenselandet mellom klinisk forsking og laboratorieforsking, og gruppa har to hovudforskingsfelt.

Det første er studiet av epidemiologi, fenotyper og langtidseffektar ved revmatisk sjukdom, så vel som fertilitet, hjarte-karsjukdom, kreft og død.

Biomarkørar ved revmatisk sjukdom utgjer det andre forskingsfeltet. Vi forskar på serologiske, cellulære og intracellulære biomarkørar hos pasientar med inflammatoriske leddsjukdommar og osteoporose.

Datamateriale

Våre store datakjelder som Norsk Artrittregister (NorArtritt) og Bergen Sjögren kohort, samt biologisk materiale samla i Biobank for revmatiske sjukdommar i Vest-Norge utgjer grunnlaget for vår forsking, saman med kunnskapen representert ved vårt raskt vaksande team av erfarne og unge forskarar. Vidare drar vi nytte av eit mangeårig samarbeid med Broegelmann forskingslaboratorium. I det siste har vi også starta arbeidet med å etablere lokale- og nasjonale kohortar for utvalde systemiske revmatiske sjukdommar.

Vårt endelege mål er å betre diagnostikk og behandling av kronisk inflammatoriske leddsjukdommar, kjempecellearteritt, IgG4-relatert sjukdom og Sjögren's syndrom.

Vi er takknemlege for den uvurderlege støtta vi har mottatt frå Riebers allmennnyttige fond ved Johanne Marie Martens Rieber.​

Revmatologisk avdeling
Haukeland universitetssjukehus
5021 Bergen

Bjørg-Tilde Fevang
+47 55 97 54 23

Johan G. Brun
+47 55 97 54 22

Bergen group og Epidemiology and Biomarkers in Rheumatic Disease.

Forskarar

  • Johan G. Brun, professor, MD, PhD
  • Bjørg-Tilde S. Fevang, professor, MD, PhD
  • Clara G. Gjesdal, associate professor, MD, PhD
  • Anne-Kristine H. Halse, associate professor, MD, PhD
  • Ellen M Apalset, MD, PhD
  • Lene Brekke, MD, PhD
  • Sten Daniel Hammenfors, MD, PhD
  • Solveig Hauge, MD, PhD

Doktorgradskandidatar

  • Christian Lillebø Alsing, MD, LIS, Haraldsplass diakonale sykehus
  • Hans Kristian Skaug
  • Jens Vikse
  • Marie N. Olsen
  • Sanaa S. Said

Stipendiatar og andre forskarar

  • Haris Caucevic, MD
  • Anja Røym, MD
  • Tor Magne Madland, MD, PhD
  • Karstein Haldorsen MD, PhD
  • Hilde Nordal, MD, PhD
  • Elisabeth Mæland, MD
  • ​Gudrun D. Sigmo
  • Eli Brodin

Samarbeidande forskarar

  • Anne Isine Bolstad, professor, Institutt for klinisk odontologi, UiB
  • Stein Atle Lie, professor, Institutt for klinisk odontologi, UiB
  • Andreas Diamantopoulos, MD, PhD 
  • Glenn Haugeberg, professor og avdelingsleder, Revmatologisk avd., Sørlandet sykehus
  • Gunnstein Bakland, MD, PhD, Revmatologisk avd., Universitetssykehuset Nord-Norge
  • Marianne Wallenius, MD, PhD, St. Olavs hospital
  • Helga Midtbø, MD, PhD, Hjarteavdelinga, Haukeland universitetssjukehus
  • Kjell Arne Johansson, professor, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, UiB og Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS)
  • Karl Ove Hufthammer, biostatistiker, PhD, Kompetansesenter for klinisk forskning, Helse Vest  
  • Randi Julie Tangvik, Førsteamanuensis, Klinisk institutt 1, UiB
  • Katrine Norheim Brække, MD, PhD, SUS
  • Anna Maria Hoffmann-Vold, MD, postdoc, UiO
  • Øyvind Molberg, MD, prof, UiO
  • Jörg Assmus, MSc, UiB
  • Jannicke Igland, MSc, prof, UiB
  • Karen Minde Fagerli, MD, PhD, Diakonhjemmet sykehus

F​orskingssjukepleiarar og biobankansvarlege

  • Tove Hatletveit
  • Mariela Pina Ayala
  • Jeanett Hetland
  • Åshild Aakre

Retningslinjer

Retningslinjer for utlevering av bioligks materiale frå BRoWn (pdf)

Retningslinjer for utlevering av data frå NorArtritt (pdf)

Forsking

Epidemiologi og langtidseffekt

  1. Epidemiologi og diagnostikk ved Sjögrens syndrom (prosjektleiar Johan G. Brun / Daniel Hammenfors)
  2. Epidemiologi og langtidseffektar ved kronisk inflammatorisk leddsjukdom (prosjektleiar Bjørg-Tilde Fevang)
  3. Epidemiologi ved systemisk inflammatorisk revmatisk sjukdom (prosjektleiar Bjørg-Tilde Fevang) 

Biomarkørar ved revmatisk sjukdom

  1. Biomarkørar ved tidleg og etablert inflammatorisk leddsjukdom (prosjektleiar Anne-Kristine Halse) 

Sist oppdatert 06.12.2022