Revmatologisk avdeling

Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdommar i Vestland fylke. Avdelinga tilbyr utgreiing, diagnostikk, behandling, rehabilitering og opplæring av pasientar og pårørande. Vi driv ei stor poliklinisk verksemd som også inkluderer Osteoporosesenteret og ei infusjonseining. Vi har felles sengepost med Hudavdelinga som er lokalisert i Hudbygget (3. et.). Korona: Informasjon til pasienter med inflammatorisk revmatisk leddsykdom finner du lengre nede på siden.

Revmatologisk avdeling driv undervisning, utdanning av helsepersonell og forsking innan revmatiske sjukdommar.  Vi arbeider tverrfagleg og har mange yrkesgrupper knytt til avdelinga. Vi skal dekke lokale og regionale behov for spesialisthelsetenester innan revmatologi for vaksne frå 17 år.

Revmatiske sjukdomar er ei fellesnemning for mange sjukdommar som angrip for eksempel ledd, musklar, skjelett, hud og indre organ. Revmatologisk avdeling driv med utgreiing, diagnostikk, behandling og rehabilitering av pasientar med desse sjukdommane. Avdelinga driv også forsking, fagutvikling, utdanning av helsepersonell og pasientopplæring.

Revmatologisk avdeling har legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsesekretærar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og farmasøyt som tilbyr undersøking, rettleiing og nødvendig behandling innan sitt fagområde.

Undersøking og behandling ved Revmatologisk avdeling skjer etter tilvising frå lege ved mistanke om underliggande revmatisk sjukdom som årsak til muskel- og skjelettplager. 

 

Avdelingsdirektør Alf Henrik Andreassen
Avdelingsoverlege Merete Valen
Seksjonsleiar poliklinikk (sjukepleiarar) Kristin Soltveit
Seksjonsleiar kontor Else Karin Fossøy Synnevåg
Seksjonsoverlege Osteoporosesenteret Ellen Margrete Apalset
Ass. avdelingssjukepleiar Osteoporosesenteret Trude Instebø Hansen

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon:

55 97 54 00

Sengepost

55 97 39 21
/22

Infusjonseining

55 97 54 01

Osteoporosesenteret

55 97 54 33

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

3. etasje i Gamle hovedbygg på Haukeland

Gamle hovedbygg

Jonas Lies vei 71

5053 Bergen

Reiseutgifter
Som regel gjennomfører du reisa di på eiga hand og søker om å få dekt reiseutgiftene i etterkant.
Les meir om å få dekt ei pasientreise

Planlegging
I utgangspunktet vel du sjølv kva transportmiddel du reiser med til behandling.
Les meir om planlegging av pasientreisa di

Rettar/Rettane dine
Hovedregelen er at pasientreiser bli dekt med ein standardsats per kilometer. Ved behov kan også nødvendige tilleggsutgifter bli dekt.
Les meir om rettane dine ved pasientreiser

Tilrettelagt transport
Helseekspressen
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen 

Praktisk informasjon

Du betaler ingen ting når du er innlagt på sengepost ved avdelinga.

For polikliniske undersøkingar blir pasientane belasta med eigenandel. For tida er satsen 375 kr (jamfør poliklinikkforskrifta) og dette beløpet inngår i eigendelstaket. 

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling (75 kr) for eventuelle bandasjar og bedøving som blir nytta ved undersøkinga/behandlinga. Pasientbetalinga på 75 kr er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Avdelinga tek ikkje imot betaling. Etter behandling vil du motta SMS der du kan velje betaling med Vipps eller faktura. 

Dersom du ikkje møter til tildelt time (eller avbestiller seinare enn 24 timar før avtalt tid) blir du belasta m​​ed 1125 kr (uavhengig om du har frikort eller ikkje.)

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Vi ber deg ta med ei oversikt over medikamenta du eventuelt brukar. Resultatet av undersøkinga blir sendt til tilvisande lege og fastlege.

Skal du innleggast på sengepost må du ta med deg toalettsaker, tøy osv. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar, så vi ber om at ein ikkje tar med seg verdisaker ved innlegging.

Skal du til rehabilitering må du ta med deg treningstøy og badetøy.

​For å bli utredet/behandla ved Revmatologisk avdeling må ein tilvisast av lege. Når avdelinga har mottatt tilvising vil vi innan 10 verkedagar sende brev om ventetid og om det er aktuelt med poliklinisk undersøking eller opphald på sengepost.

Ved nyleg oppståtte akutte leddbetennelsar har poliklinikken tilbod om øyeblikkeleg hjelp.

Tilvisande lege tar då telefonisk kontakt med revmatolog på vakt for tildeling av akutt-time.  

Tilvisingar frå fastlege på nye pasientar blir behandla fortløpande og frist for start av helsehjelp blir gitt etter nasjonale retningslinjer etter kor alvorleg sjukdomen er. Vurderinga blir gjort på grunnlag av opplysingar i tilvisinga frå fastlegen.

Dersom du har fått tildelt time langt fram i tid og meiner at du burde få kortare frist, eller dersom du er blitt dårlegare i ventetida må du kontakte fastlegen din. Fastlegen kan ta kontakt med avdelinga for å føye til nye opplysningar og få framskunda timen.

Du kan følge med på forventa ventetid over kor lang tid dei lavest prioriterte pasientane maksimalt må vente. Gå inn på Helsedirektoratets sider: www.frittsykehusvalg.no.

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Kurs og møter

  • Bekhterev (Spondyloartritt)
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Bekhterev (Spondyloartritt)
    22.
    april
    2024
    Fleire datoar
  • Osteoporose
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
    Osteoporose
    30.
    mai
    2024
    2 dagar
  • Leddgikt - RA
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Leddgikt - RA
    26.
    august
    2024
    2 dagar

Koronavirus

Informasjon til pasientar med inflammatorisk revmatisk sjukdom.
Les meir
Hender med vaksinesprøyte og koronavirus. Illustrasjon

Revmatologiske undersøkingar

    For fastlegar

    Her har vi samla litt informasjon som kan vere nyttig for fastlegen si handtering av revmatologiske pasientar.
    Les meir
    En mann i hvit skjorte

    Gode kostråd

    Vi har samla gode kost- og livsstilsråd for deg med beinskjørhet, revmatiske sjukdommar og urinsyregikt.
    Les meir om våre kostråd
    En tallerken med mat