Poliklinisk behandling

Poliklinisk rus- og avhengigheitsbehandling er eit viktig tilbod til våre pasientar. I tillegg til Avdeling for rusmedisin sitt polikliniske tilbod, finst det også polikliniske tilbod ved private rusinstitusjonar.

Poliklinikkane gjev tilbod til ungdom mellom 15-30 år og vaksne med rus og avhegigheitspoblematikk.

Før fyste behandlingstime vil pasient motta eit brev med informasjon om blant anna tidspunkt og oppmøtestad

Eit poliklinisk behandlingstilbod består av individuelle samtalar, eventuelt par- og familiesamtalar. Det kan også gis tilbod om gruppesamtalar.

Etter avslutta poliklinisk behandling sendar behandlingsstaden ein epikrise til pasient og henvisar. Epikrisa oppsummerar innhaldet i behandlinga og forslag til vidare behandling og/eller andre tilbod

 

Andre poliklinisker tilbod i AFR

Ambulant tilbyr ambulerande behandling til personar som på grunn av somatiske, psykologiske eller sosiale årsaker ikkje er i stand til å nytte seg av, eller har klart å kome i kontakt med, ordinære polikliniske rusbehandlingstilbod i Helse Bergen

AFR LAR tilbyr Legemiddelassistert rehabilitering (LAR), og er eit behandlingstilbod innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling til personar som er avhengige av heroin eller andre opioid (morfinliknande stoff).

  • AFR LAR Arna
  • AFR LAR Bergenhus
  • AFR Bergen og Bjørgvin fengsel
  • AFR LAR Fana/ Ytrebyda
  • AFR LAR Laksevåg
  • AFR LAR Omegn
  • AFR LAR Åsane

Tilbyr behandling til unge menneske i alderen 18 til ca. 45 år som strevar med rusmiddel- og avhengighetsproblemer.De har eit særlig ansvar for å prioritere pasientar under 25 år.

Sist oppdatert 30.11.2016