Rusmedisin Ambulant seksjon

Ambulant seksjon i Avdeling for rusmedisin tilbyr rusbehandling på andre arenaer enn i sjukehusets lokale. Ambulerande behandling og -utgreiing kan foregå i pasientens heim, på skulen, ute på tur eller på andre arenaer som pasienten og medarbeidar er komfortable med.

Avtalt møteplass må vere vurdert som trygg for medarbeidarane og pasientens personvern må vere ivaretatt. Dette kan også kombinerast med polikliniske møte og telefonisk oppfølging. I tillegg er koordinerande oppfølging og tett samarbeid med andre aktørar i hjelpeapparatet som pasienten er i kontakt med, viktig i mange pasientforløp.

Målgruppe

Målgruppa for ambulerande rusbehandling er personar som på grunn av somatiske, psykologiske eller sosiale årsaker ikkje er i stand til å nytte seg av, eller har klart å kome i kontakt med, ordinære polikliniske rusbehandlingstilbod i Helse Bergen. Vidare jobbar vi med pasientar som slit med å kome i kontakt med TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling), som til dømes unge eller somatiske pasientar i sjukehuset. 

Behandlingstiltak

Val av behandlingstiltak i Ambulant seksjon skal vere individuelt tilpassa, forankra i tverrfagleg team og beskrive i den individuelle pasientens behandlingsplan. Ulike pasientforløp krev ulike og samtidige behandlingstiltak som blir ytt av ulike fagpersonar i behandlarteamet.

Brukermedverknad

Brukarmedverknad er viktig i rusbehandling. Pasienten skal få god informasjon om diagnosen/problemstillinga si og kva slags behandlingstilbod som finst, og som blir anbefalt for han/hennar problemstilling. Pasienten skal få moglegheit til å medverke i planlegginga og gjennomføringa av behandlinga si. 

Tilsette

Vi er tverrfaglege team med tilsette som har psykologfagleg, medisinfagleg, sosialfagleg og erfaringsbasert kompetanse:

  • Eit behandlarteam som jobbar med pasientar som blir tilvist frå Akuttposten, døgnbehandling eller poliklinikk for ambulerande rusbehandling
  • Eit team som jobbar for å kome i kontakt med pasientar tidleg i forløpet, til dømes via somatiske avdelingar på Haukeland sjukehus eller via lokale samarbeidspartnarar.

Tilvising

Alle seksjonar i Avdeling for rusmedisin og avdelingar i Helse Bergen kan tilvise ein pasient til Ambulant seksjon. Dette blir gjort via sekundærtilvising, og rutine for dette ligg i EK. Somatiske avdelingar i Helse Bergen kan be om rustilsyn frå Ambulant seksjon; det ligg ein eigen rutine for dette i EK.

Behandlinga som blir gitt i Ambulant seksjon skal vere i tråd med nasjonal fagleg retningslinje for behandling og rehabilitering av rusmiddelproblem og avhengigheit. Behandlarane i seksjonen har ikkje akuttfunksjon, men jobbar måndag til fredag kl. 08-15.30, og gjennomfører behandlinga i avtalte møte med pasientane. I tillegg kan pasienten få tilbod om telefonkontakt utanom avtalte møte.

 

Eirik Gausvik Musland

Seksjonsleiar

eirik.gausvik.musland@helse-bergen.no

Stressar du ned med rus?

Ta kontakt med oss i URO-teamet før utfordringane blir for store for deg.
URO- ung rus oppdagelse
unge og rus

Kontakt

Slik finn du fram

inngangspartiet til Kanalveien 5

Kanalveien 5

Kanalveien 5

5068 Bergen

Bussar frå sentrum til Reperbanen:  
​Buss 51 (Bergen Bystasjon – Birkelandsskiftet)  
Buss 67 (Bergen Bystasjon – Nordås-Søråshøgda)  
Buss 83 (Bergen Bystasjon - Nesttun)  

Næraste bybanestoppar er Kronstad. 

Det er dessverre ingen parkering rett utanfor poliklinikken vår i Kanalveien 5. Næraste parkering er i Kronstadparken parkeringshus, Fabrikkgaten 6.