Arbeidsmedisinsk poliklinikk

Arbeidsmedisinsk poliklinikk utgreier arbeidsrelaterte sjukdomar. Vi bidrar til å førebygge sjukdom og fremme god helse ved å spreie og auke kunnskap om samanheng mellom helse og kjemiske, biologiske, fysiske og psykososiale miljøfaktorar.

Arbeidsmedisinsk poliklinikk har brei tverrfagleg kompetanse. Ulike legespesialistar, kliniske psykologspesialistar, sertifiserte yrkeshygienikere og psykomotorisk fysioterapeut samarbeider i pasientutgreiingar.

Vi driv også med rådgjeving, informasjonsformidling og forskning.

Pasientinformasjon

Tilvisinga må innehalde ei spesifisering av problemstillinga; løysemiddelskade, lungesjukdom, allergi eller anna. 

Arbeidshistorie

Ei oversikt over aktuelle arbeidsforhold. Spesielt viktig er tidlegare og noverande eksponeringar og varigheit av desse. Er pasienten framleis eksponert for mogelege helseskadelege stoff?

Symptom og symptomutvikling

Kva mistenkte arbeidsrelaterte symptom har pasienten? Det er viktig å beskrive kor tid symptoma debuterte og korleis dei har utvikla seg.

Tidlegare sjukdommar

Kva for undersøkingar er gjort av pasienten? Epikriser fra relevante undersøkingar må leggast ved tilvisninga.

Det er viktig at pasientens navn, adresse, telefonnummer (gjerne mobil) og fødselsnummer er korrekt oppgitt. Ved spørsmål om tilvisingar til Yrkesmedisinsk avdeling, kan du ringe 55 97 38 75


Tilvisinga sendast til:

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Yrkesmedisinsk avdeling
Postboks 1400
5021 Bergen


På Yrkesmedisinsk avdeling har vi ein rekke tilbod for pasientar med arbeidsrelaterte sjukdommar og / eller skadar. 

Arbeidsmedisin

Utgreiing av enkeltpersonar med mistenkt skade eller sjukdom som følge av påverknad av fysiske, kjemiske eller biologiske faktorar i arbeidssituasjonen, og ofte kan fleire yrkesgrupper og spesialistar samarbeide om utgreiingane.

Yrkesdermatolog

Dette inneber identifisering av allergen og hudirriterande stoff. Dette gjer det mogeleg å anbefale tiltak som kan førebygge hudsjukdommer. Dette inneber også at eininga er involvert i rehabilitering. Den medisinske behandlinga blir gjennomført i samarbeid med Hudavdelinga.

Lungemedisin

Hovudgrupper av problemstillingar i samband med lungesjukdommar som kan vere forårsaka av arbeidsmiljøet er følgande:

  • Astma bronkiale og luftveisallergi
  • Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS)
  • Interstitielle lungesjukdommar (støvlungesjukdom)
  • Yrkesbetinga lungekreft og mesoteliom

Yrkesrelatert nevrologi

Vi utgreiiar pasientar med yrkesbetinga skade eller sjukdom i nervesystemet. Dei fleste tilvisingane gjeld mogeleg løysemiddelskade.

Vi utgreiiar også pasientar med spørsmål om langtidseffektar av dykking, pasientar med perifer nerveskade etter lang tids bruk av vibrerande verktøy og pasientar utsette for tungmetall. Pasientar med spørsmål om skade etter høgspent strømgjennomgang utgjer ei mindre gruppe.

Vi har eit nært samarbeid med Nevrologisk avdeling ved vurdering av dykkere med mogeleg trykkfallsjuke.

Nevropsykologi

Den nevropsykologiske undersøkinga er av avgjerande betydning i diagnostisering f.eks. av kronisk toksisk encefalopati, men krev spesialistkompetanse og er svært tidkrevjande. Pasienten bør derfor på førehand vere grundig utgreia med tanke på eksponering.

Tilvisingane gjeld for det meste toksiske skadar, anoxiske skadar, strømskadar, langtidseffektar av dykking. Tilvising til nevropsykolog skjer i hovudsak internt ved avdelinga.

Statistikk og epidemiologi

Det er ansatt ein statistikar ved avdelinga. Hovudarbeidsoppgåva er å bistå i planlegginga av nye forskingsprosjekt, etablere databasar, analysere data og delta i publisering og presentasjon av prosjekt.

Yrkeshygiene

Hovudarbeidsoppgåva vår er å utføre eksponeringsvurderingar i knytta til pasientutgreiingar, samt å gjere arbeidsplassvurderingar i forhold til gravide arbeidstakarar. 

I den grad vi har kapasitet, utfører vi også fagleg bistand innan yrkeshygiene for bedriftshelsetenester og bedrifter elles.

Det er vanleg å be om ei spesialisterklæring i samband med yrkessjukdom, som skal sendast til NAV eller forsikringsselskap. Som regel er det ein lege som er spesialist i arbeidsmedisin, nevrologi, allergi eller lungesjukdommar som skriv spesialisterklæring.

I ei slik erklæring tek legen med alle resultat frå alle undersøkingar, kva for diagnoser som er stilt og kva invaliditetsgrad pasienten har. Det krev stor grad av nøyaktigheit å skrive slike erklæringar, og det kan krevje mange undersøkingar og gå lang tid før alt er klart. Det er difor vanskeleg å seie på førehand kor lang tid det kan ta.

Nøytralitet og objektivitet

Når Yrkesmedinsk avdeling utgreier pasientar for mogeleg yrkesskade, er vi sakkunnig. Det er derfor stilt krav til oss om

  • saklegheit
  • nøyaktigheit
  • objektivitet

Samtidig har du rett på omsorgsfull behandling, og rett til å bli tatt på alvor. For å få eit gyldig resultat er det ein føresetnad at pasienten gir korrekte opplysningar og at ein samarbeider under undersøkingane.

I dei tilfella der undersøkingane konkluderer med at det er ein skade eller sjukdom, blir det sett ei invaliditetsgrad etter gjeldande invaliditetstabell. Invaliditetsgrad skal vere eit nøytralt mål på skaden. Det seier ikkje nødvendigvis noko om uførheit, og må ikkje forvekslast med grad av uførheit. Ein kan til dømes ha lav invaliditetsgrad og likevel ha høg uføregrad.

Medisinsk invaliditet blir gjerne definert som eit mål på ein persons samla ressurser til å utføre eit ubestemt register av gjeremål. Du kan lese meir om skilnaden mellom medisinsk invaliditet og uførheit på nettsidene til Justisdepartementet. 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Logg inn for å endre time

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ekspedisjon i 2. etasje i Konrad Birkhaugs hus, sør for Sentralblokka på Haukelandsområdet.

Konrad Birkhaugs hus

Jonas Lies vei 79

5021 Bergen

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Mer hudplager under Covid-19 pandemien

Mer håndhygiene og bruk av personlig beskyttelsesutstyr økte forekomsten av hudsymptomer.
Les mer om studien
Helsepersonell i verneutstyr i garasjeanlegg. Foto