ADHD hos barn og unge

Ved mistanke om ADHD hos deg som er barn/ungdom, kan foreldre/føresette kontakte barnehagen, skulen, helsesjukepleiar eller fastlegen. Eller desse tek kontakt med foreldre/føresette ved mistanke om ADHD. Dei vurderer i fellesskap om det er grunn til å gå vidare til kommunale tenester, som til dømes PPT eller fastlegen, som igjen vurderer behovet for å tilvise til spesialisthelsetenesta.

Personer med ADHD har symptomer på uoppmerksomhet, impulsivitet eller hyperaktivitet. Hos jenter er uoppmerksomhet ofte mer dominerende enn hos gutter. Fastlegen kan henvise deg eller barnet ditt til videre utredning.

ADHD er forkortelse for Attention Deficit/Hyperactivity Disorder.

Rundt 5 % av barn og unge har ADHD. For mange fortsetter vanskene inn i voksen alder. Jenter får ofte diagnosen senere enn gutter.

ADHD gir risiko for å utvikle en rekke ulike vansker. Derfor er det viktig å få hjelp så tidlig som mulig. Snakk med fastlegen din om du eller barnet ditt viser tegn på ADHD som går ut over evnen til å fungere i dagliglivet. Legen kan ikke sette diagnose, men henvise videre.

Det er ingen enkelt test som kan bekrefte eller avkrefte ADHD. Diagnosen blir satt etter en grundig utredning, og er basert på en helhetsvurdering. De fleste som har ADHD, har også andre vansker og tilstander.

Ulike tiltak i miljøet, ofte i kombinasjon med medisiner, kan gjøre hverdagen lettere for personer med ADHD.

Les meir på helsenorge.no

Ventetider på Velg behandlingssted (helsenorge.no)

Tilvising og vurdering

Dersom du eller nokon rundt deg lurer på om du har ADHD, kan du bestille time hos fastlegen din. Fastlegen vil snakke med deg og foreldra dine og gjere nokre undersøkingar. Dersom fastlegen trur du har ADHD, vil du bli vist vidare til ein Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) for vidare undersøkingar og eventuelt behandling.

Dei som kan vise til Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk (BUP) er: 

Lege, psykolog, helsesøster, Barne- og familieteneste, PPT og barnevern. 

Alle tilvisingar skal vere vurderte og underskrivne av lege, psykolog eller barnevernsleiar, og det skal brukast eit eige tilvisingsskjema som blir sendt til lokal allmennpoliklinikk. 

ADHD-pakkeforløp 

BUP vil så avgjere om barnet har rett på behandling i BUP (på bakgrunn av prioriteringsveilederen- "Psykisk helsevern for barn og unge") eller om det er anna behandling som er rett. Dersom barnet har rett på utgreiing/behandling i BUP, vil han seinast få komme til i løpet av 3 månader. 

Den som tilviser barn og unge vidare til spesialisthelsetjenesten med mistanke om ADHD, gjer desse vurderingane:

Kartlegging av barnet sin psykiske og fysiske status, identifisere utfordringar og samanhengar, vurdere og iverksetje aktuelle tiltak.

  • Grundig anamnese med vekt på utviklingshistorie inklusive tilleggsopplysningar om skulegang, eventuelt utdanning og arbeid, fritidsaktivitetar og interesser.
  • Vurdering av syn og hørsel og eventuell sjukdom eller medisinsk behandling som kan forklare vanskane.
  • Vurdering av tidlegare og aktuelle somatiske og psykiske symptom/plager/sjukdomar.
  • Vurdering av eventuelle utviklingsforstyrringar.
  • Vurdering av psykososiale belastingar.
  • Vurdering av ADHD-symptom – type, omfang og innverknad på funksjon i kvardagen.
  • Vurdering av andre relevante forhold, til dømes om barnet har lærevanskar, om det er gjennomført psykologiske og/eller pedagogiske testar eller andre observasjonar.

Den som mottek tilvisinga har ansvar for å:

  • Innhente samtykke for samarbeid
  • Avklare og inkludere aktuelle aktørar
  • Fordele ansvar og oppgåver
  • Utarbeide utgreiingsplan

Utgreiing

ADHD hender ofte saman med andre psykiske lidingar, og derfor blir det gjennomført ei brei utgreiing i BUP. For å gi deg rett diagnose og dermed behandlinga som passar deg best, snakkar BUP med deg og dine føresette om mange ulike område i livet, som korleis du tenker og kjenner, om du har nokre andre sjukdommar eller vanskar, og korleis du har det i familien, på skulen og saman med andre.

For å få ei brei forståing kan BUP avtala med deg og dine føresette at dei snakkar med andre som kjenner deg, til dømes lærarar.

Utgreiingsplanane blir laga saman med deg og dine føresette slik at dei skal passa best mogleg for deg. Utgreiingsplanen inneheld namn på behandlaren som har hovudansvar, namn på andre som skal delta i utgreiinga, lista over planlagde utgreiingar og ein hypotese på kor lang tid utgreiinga vil ta. Utgreiinga går over nokre månader, og skal gi svar på om BUP tilrår vidare behandling, og kva behandlinga i så fall skal bestå av.

Behandling

Dersom du får ein ADHD-diagnose, lagar BUP ein behandlingsplan for deg, saman med deg og dine føresette. Planen skal beskrive kva møte du skal ha med behandlar i BUP, og om BUP tilrår at du skal ta nokre medisinar. Planen skal innehalde ei tidsavgrensing, og den vil bli tilpassa deg og behova dine. Målet med behandling av ADHD er å redusere symptom, å gjere kvardagen lettare og å avgrensa tilleggsproblem.

Psykososial behandling

Psykososial behandling kan vera informasjon og rettleiing til dei rundt deg, foreldre og skule, familiesamtalar, eller anna som står i behandlingsplanen.

Medikamentell behandling

Medisiner kan vera ei effektiv tilleggsbehandling for mange. Den vanlegaste behandlinga er såkalla sentralstimulerande medisinar, som til dømes Ritalin og Concerta.

Du og dine pårørande kan bruka tid saman med legen til å finna ut om medisinar er aktuelt, og i så fall kva medisinar som vil fungera best for akkurat deg. Det er pasientansvarleg lege som har ansvar for når og korleis du skal prøva medisinar. Utprøvinga vil gå føre seg over nokre veker. Når du prøver medisinar for ADHD skal du og dine føresette kvar dag notera om medisinen har effekt og om du har fått nokre biverknader.

Når fast medisinering har fungert greitt ei viss tid, kan BUP og fastlegen din avtale at medisinkontrollane blir overførte til fastlegen.

Oppfølging

BUP samanfattar og evaluerer behandlinga. Du og dine føresette får informasjon og opplæring, og etter avtale kan informasjon og opplæring også bli gitt til barnehage, skule, PPT og eventuelt barnevernstjenesten. Ved avslutning skriv BUP eit samandrag (epikrise) av det som gjeld for deg, og sender denne til fastlegen eller andre som har vist deg til oss. Det er fastlegen din som har ansvaret for den vidare oppfølginga.

Relevante lenker:

ADHD Norge (adhdnorge.no)

Nasjonale retningslinje (helsedirektoratet.no)

Veileder for multiaksial klassifikasjon i psykisk helsevern for barn og unge (legeforeningen.no)

Kontakt

Glasblokkene Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Kontakt Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU)

Oppmøtestad

Våre einingar held til på forskjellige plassar. Sjå din oppmøtestad ved å klikke på lenka til eininga i oversikta underliggande einingar. 

Klinikken sin administrasjon held til i Glasblokkene, blokk 1, 3. etasje.

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.