Habilitering - Atferdsvansker hos voksne

Personar med nedsett funksjonsevne kan ha auka risiko for å utvikle fysiske og psykiske helseutfordringar. I nokre tilfelle viser dette seg som åtferd som er så hyppig, intensiv og/eller langvarig at det kan medføre betydeleg fare for skade på personen sjølv eller andre. Ved moderate og alvorlege åtferdsvanskar som ikkje kan bli behandla i førstelinja, kan personen bli tilvist til habilitering i spesialisthelsetenesta (HAVO).

Årsaker til åtferd som utfordrar, er ofte komplisert og samansett, men kan ha ein samanheng med: 
  • Fysiologiske forhold som sjukdom, smerter, søvnvanskar, ernæring, pubertet, medikament. Åtferdsvanskane kan også ha med gene å gjere. Nokre diagnosar og følgetilstandar kan gi auka sårbarheit for utvikling av åtferdsvanskar. 
  • Psykiske lidingar, for eksempel angst, depresjon, psykose eller nevropsykiatriske tilstandar som Tourettes, ADHD og autisme. 
  • Sosiale forhold som manglande tilrettelegging av bustad, sysselsetting og fritidstilbod, manglar ved kvalitet og omfang av den hjelpa ein mottar, manglande sjølvbestemming, rus og seksuelle problem samt for høge krav til meistring når det gjeld funksjonsnivå og psykisk helse. 
  • Nokre diagnosar eller tilstandar kan gi auka sårbarheit for utvikling av utfordrande åtferd. 
Åtferdsvanskar kan vere ei følge av at personen opplever utfordringar i omgivnadene som krevjande og frustrerande. Individuelle risikofaktorar, kognitive utfordringar og manglande individuell tilrettelegging kan forsterke åtferdsvanskane. Dette kan vise seg som fysisk/psykisk truande åtferd, destruktive handlingar, forstyrrande åtferd, sjølvskading og seksuelt skadeleg åtferd. 

Tilvising og vurdering

Tilvising skal i hovudsak komme frå lege eller psykolog. Dersom det er aktuelt med vurdering av vedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven kapittel 9 som omhandlar bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med utviklingshemming, må dette komme fram i tilvisinga. Ved denne problemstillinga kan også kapittel 9-ansvarleg leiar i kommunen sende tilvising.

Informasjon frå pasienten sjølv, verje og/eller pårørande samt andre samarbeidspartnarar som er involvert i eventuelle tenester til pasienten, er av betydning. Ved tilvising er det viktig at tidlegare utgreiingar blir vedlagt dersom dette finst, og at det er informasjon om kva som til nå er gitt av bistand og tilrettelegging av blant anna skule, dagtilbod, bustad, avlastingstilbod eller bistand i heimen. 

Les mer om henvisning til Habiliteringsavdelinga for vaksne i Helse Bergen

Kartlegging

Kompliserte og samansette åtferdsvanskar vil ofte bli behandla tverrfagleg av ulike yrkesgrupper med relevant erfaring, slik som lege, psykolog, vernepleiar og eventuelt andre yrkesgrupper. Det vil vere nødvendig å starte arbeidet med ei grundig kartlegging av åtferdsvanskane og faktorar som kan vere av betydning for desse. Kartlegging og utgreiing kan bli gjennomført både ambulant, der pasienten oppheld seg i sjukehuset (poliklinisk). Observasjon av pasient samt samtaler og samhandling med nærpersonar vil vere viktig. 
 
I tilfelle der årsaka til åtferdsvanskane er ukjent, vil det vere viktig å kartlegge tidlegare belastande livshendingar, sosialt nettverk, fritidstilbod, moglegheit for sjølvbestemming, kommunikasjon og om vedkommande får tilstrekkeleg hjelp og oppfølging i det daglege. 
 
Særleg hos nye pasientar og der årsaka til åtferdsvanskane er ukjent, vil ei diagnostisk vurdering vere viktig med tanke på: 
  • Årsak til pasientens funksjonshemning (genetiske tilstander/syndrom osv.) 
  • Psykisk utviklingshemming og ev. grad 
  • Utviklingsforstyrringar som autisme, Tourettes og ADHD 
  • Psykiske lidingar 
  • Somatiske lidingar inkludert smertetilstandar 

Under

 
I forbindelse med moderate og alvorlege åtferdsvanskar kan både indirekte og direkte tiltak bli sett i verk. Indirekte tiltak blir gitt i form av opplæring og rettleiing til nærpersonar og tiltak for å auke kvaliteten på den miljøterapeutiske tilrettelegginga. Det kan også vere aktuelt med direkte tiltak som styrker pasienten sin kompetanse når det kjem til kommunikasjon, relasjonelle og sosiale ferdigheiter, auka sjølvbestemming, meistring og bedra sjølvfølelse. 
 
All behandling må bli tilpassa kvar pasient og dei individuelle forholda pasienten lever under. 
 
Aktuelle behandlingstiltak kan vere: 
  • Sosial ferdigheitstrening / etablering av sosiale ferdigheiter som alternativ til den utfordrande åtferda, for eksempel sinnemeistring og sosiale historier. 
  • Opplæring av personalgrupper i metodikk, tiltak, haldningar, kompetanse om pasienten, nødvendig skadeavvergingsteknikkar, registrering, dokumentasjon, kjenne att tidlege teikn på utfordrande åtferd hos pasient. 
  • Godt miljø rundt pasienten, tilgang til gode og lystelege aktivitetar, oppbyggande sosialt samvær. 
  • Ulike former for forsterking og reduksjonstiltak, åtferdsavtalar, teiknøkonomi- og sparesystem. 
  • Struktureringstiltak som dagsplanar, aktivitetsbank, lik praksis. 
  • Tilpassing av krav. 
  • Medikamentell behandling for kjent eller nydiagnostisert sjukdom. 
  • Psykoedukasjon og/eller individuelle støttesamtaler. Blir tilpassa pasientens nivå når det gjeld evnemessig fungering og språkforståing. 
  • Ta initiativ til oppretting av ansvarsgruppe og Individuell Plan (IP) ved behov, ev. delta på ansvarsgruppemøte. 
Dersom den utfordrande åtferda medfører vesentleg skade for pasienten sjølv eller andre, kan kommunen utarbeide vedtak om bruk av tvang og makt etter kapittel 9 i Helse- og omsorgstjenesteloven. Det er statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) som godkjenner desse vedtaka, og spesialisthelsetenesta har plikt til å rettleie i utforming og gjennomføring av tiltak etter dette kapittelet i loven. 
 
Det varierer kor lang tid behandling av åtferdsvanskar tar. Erfaringsmessig kan endringar i miljøvilkår som påverkar åtferdsvanskane krevje langvarig og systematisk innsats frå alle involverte over ein lengre tidsperiode. 

Under kartleggingen kan det avdekkes behov for hjelp fra andre avdelinger i spesialisthelsetjenesten. Vi henviser videre ved behov.

Det kan være aktuelt med henvisning til Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin ved Haukeland universitetssykehus for årsaksutredning ved mistanke om syndromer eller andre genetiske årsaker.

Habiliteringstjenesten har også samarbeid med Avdeling for spesialisert psykosebehandling ved Psykiatrisk klinikk ved behov for oppfølging og behandling av psykiske vansker.

Utredning og behandling vil i hovedsak foregå i pasienten sitt hjemmemiljø. Habiliteringstjenesten jobber ambulant i kommunene i Helse Bergen sitt foretaksområde.


Etter

Før avslutning skal HAVO ha gitt opplæring, behandling og rettleiing som gjer moglegheitene for vidare betring så gode som mogleg, og reduserer sannsynet for tilbakefall. 

Ved avslutning av behandling ved HAVO blir den vidare oppfølginga tatt hand om av fastlege og eventuelt andre kommunale tenester. I nokre tilfelle vil også andre avdelingar innan spesialisthelsetenesta ha ei rolle. HAVO sender avslutningsbrev til pasient, tilvisar og eventuelt andre aktuelle samarbeidspartar etter samtykke. 

Kontakt

Olav Bjordals veg 29, Breistein Habiliterings­avdelinga for vaksne

Kontakt Habiliterings­avdelinga for vaksne

Oppmøtestad

Habiliteringsavdelinga jobber ambulant i kommunene i Helse Bergen sitt foretaksområde. Det kan være aktuelt med noen avtaler i våre lokaler i Olav Bjordals veg 29.
Foto:Breistein

Olav Bjordals veg 29, Breistein

Olav Bjordals veg 29

5111 Breistein

Transport

​Frå Bergen sentrum/Nordhordland:

Kjør E 39.

Avkjørsel i lyskryss ved Shell stasjon på Haukås, Fv 567 mot Breistein.

Kjør 550 m og sving til venstre, inn på Olav Bjordals veg.

Kjør 100 m og sving til høyre, inn til Olav Bjordals veg 29.

Buss nr. 37 Breistein går frå Åsane Terminal til Breistein.
Den stopper i Breisteinvegen – Busstopp Vestlandsheimen
Det er 450 meter å gå til Olav Bjordals veg 29. Sjå kart.

Finn reisetider på Skyss.no, Skyss App på mobil eller ring Skyss på telefon 55 55 90 70.

Praktisk informasjon

​Det er gratis parkering hos oss.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.